BRÅ OVERGANG: Kronprinsen gjekk rett frå Jay-Z til FN sine tusenårsmål då han heldt føredrag i Storsalen i føremiddag.

Er Kronprinsen Jay-Z-fan?

Med Jay-Z som ramme snakka ein sjarmerande Kronprins om å bry seg om andre og å setje seg konkrete mål for framtida.

Publisert Sist oppdatert

– De kjenner kanskje att rytmene? Var det mange som var på konserten i går eller?

Kronprins Håkon opnar innlegget sitt om TV-aksjonen Care med eit bilete av Jay-Z og nokre heftige hip hop-rytmer, medan han bevegar hovudet frå side til side.

– Eg hadde dessverre ikkje høve til å vere der, seier han med eit smil om munnen.

For det var ikkje Jay-Z som lokka Kronprinsen til Trondheim. Som høg beskyttar for TV-aksjonen 2009 var han i byen for å snakke om dette engasjementet og viktigheita av å bry seg om andre.

– Tenk på verda som ein familie - det som skjer andre stadar angår deg òg, oppfordra Kronprinsen.

Kvinneretta bistand

Pengane frå årets TV-aksjon går til organisasjonen CARE, og generalsekretær Marte Gerhardsen var òg til stades for å fortelje om deira arbeid og om kor mykje stønad ein kan gi gjennom å gi stønad til kvinner. For det er det denne organisasjonen handlar om; gjennom å hjelpe kvinner, hjelper du fleire.

– Kvinner brukar pengar på ein meir fornuftig måte enn menn. Dersom ei kvinne får ein dollar brukar ho 90 prosent av denne på utdanning og helse. Det tilsvarande talet for menn er 30 prosent, sa Gerhardsen.

LES OGSÅ: Her skulle du vært

Vidare fortalte ho om ein hard realitet for mange jenter og kvinner rundt om i verda, og kvifor CARE har nettopp dette fokuset.

– Jentebarn vert drepne kvar dag berre fordi dei er jenter, dersom ein familie har lite mat er det jentene sine rasjonar det vert kutta ned på og heile 70 prosent av alle analfabetar er jenter.

– Alle kan verte leiarar

Kronprinsen snakka meir generelt om fattigdom og tok blant anna føre seg dei åtte tusenårsmåla FN skal nå i løpet av 2015. Det viser seg at berre eitt av desse har ein framgong som gjer at det vil bli oppfylt innan fristen, og det er målet om å halvere ekstrem fattigdom. Dei sju andre har framgong, men ikkje ein framgong som gjer at det vert oppfylt i tide.

– Eg brukar å stille to spørsmål når eg er på skulebesøk, og det vil eg gjere til dykk óg. Kva er det du er for? Ikkje det du er i mot, men det du er for. Definer eit mål, noko som er viktig og meiningsfult. Og det andre er; kva vil eg gjere det neste året for å auke verdigheita til andre menneske? Dette kan vere både stort og lite, det kan vere å få slutt på krig eller å verte flinkare til å hjelpe ei sjuk mor med å handle.

Svaret på desse spørsmåla ba han folk om å skrive ned og henge framfor pulten eller lesesalsplassen.

– Alle kan verte leiarar, spørsmålet er; kva skal eg bruke livet mitt til?

Jay-Z sine beats dundra over høgtalaren igjen, og Kronprinsen takka for seg.

LES OGSÅ: Rappens Cæsar hviler på laurbærene

Powered by Labrador CMS