Fem på Bakklandet

Under Dusken spurte fem studentar på Bakklandet om dei vitjar kulturinstitusjonar.

Publisert Sist oppdatert

Foto: Helene Edvardsen, Under DuskenFoto: Helene Edvardsen, Under DuskenFoto: Helene Edvardsen, Under DuskenFoto: Helene Edvardsen, Under DuskenFoto: Helene Edvardsen, Under Dusken 1. Har du besøkt Trøndelag Teater, Olavshallen eller Trondheim Kunstmuseum?

2. Veit du kva program desse tilbyr utover hausten?

Lukas Vogl, elektro, utvekslingsstudent frå Austerrike.

1. Nei. Det er mykje å setje seg inn i, så eg har ikkje oversikt over alt enno.

2. Nei.

Ellen Borgfjellmo, bygg, fyrste året.

1. Ja, eg har vore i Olavshallen, men det er mange år sidan. Eg har ikkje hatt tid til å vitje resten, men eg har ikkje høyrt om noko som skjer der heller.

2. Eg fekk ei brosjyre frå Olavshallen i dag, men eg har ikkje kike i den.

Christine Kaastrup, økonomi og administrasjon på BI, andre året.

1. Eg har ikkje vore på nokon av dei, fordi eg ikkje veit noko om dei.

2. Nei, eg har inga oversikt. Eg har ikkje sett noko informasjon, men det kan eg sikkert få tak i.

Anine Kristoffersen, psykologi, tredje året.

1. Nei, eg har ikkje besøkt dei, fordi eg veit ikkje kva som skjer der.

2. Eg har så vidt høyrt litt om kva som skjer på Olavshallen, men dei andre har eg ikkje sett noko om.

Ole Thomas Rødland, arkitekt, tredje året.

1. Nei, eg har ikkje det, for eg veit ikkje kva tilbod dei har.

2. Eg har sett nokre plakatar om Norwegian Wood, og eg trur kanskje at dette er på kunstgalleriet? Resten har eg ikkje sett noko om.

Powered by Labrador CMS