Godt gøymte småskattar

Mellom einsformige melodiar og slitsom vokal finst små skattar, meiner vår anmeldar om Solveig Slettahjell Slow Motion Orchestras nye album.

Publisert Sist oppdatert

ALBUM

Foto: TARPAN SEASONS - SOLVEIG SLETTAHJELL SLOW MOTION ORCHESTRA - UNIVERSAL MUSIC AS

Tarpan Seasons er den siste plata til Solveig Slettahjell Slow Motion Orchestra, bandet som hadde stor suksess med hiten «Snowfall» for eit par år sidan. Solveig har jazzutdanning frå Norges Musikkhøgskole, og har gitt ut fem cd-ar før denne. Ho lukkast dessverre ikkje med den sjette.

På den nye plata er spora oftast einsformige, og av og til er vokalen slitsom. Men mellom dei uoriginale melodiane finst det likevel små skattar, som er rein balsam for øyregangane. Desse låtane har eit fantastisk jazza uttrykk, og Slettahjell si luftige stemme passar perfekt til det sarte lydbiletet. Når ho syng på denne måten høyrest det nydeleg ut, og likskapen med Katie Melua og Silje Nergaard er ikkje til å komme vekk i frå. Dessverre pressar Slettahjell stemma si på mange av dei andre låtane, slik at det høyrest meir ut som mas enn song.

Heldigvis finst det òg spor der Slettahjell let stemma vere naturleg vakker. Dersom du skal høyre berre ein låt på denne plata, må det bli «How They Shine». Ho viser her stemmeprakta si frå ei sinnsvakt god side, teksten treff midt i hjartet og melodien stel merksemda. Denne blir ikkje berre bakgrunnsmusikk, men noko ein lener seg tilbake og lyttar til. Ein annan favoritt er «You Go I Go», ein kort låt med enkel tekst og oppbygging. Når denne kjem, kan eg ikkje hjelpe for at munnvikane kryp oppover. A cappella er alltid morosamt og fengande. Melodiane til dei einskilde instrumenta er enkle og gjentakande på dei låtane som fungerer best, og saman høyrest det bra, komplett og fyldig ut. Eg er òg freista til å trekke fram trompeten på «Right as Rain» som ein spesielt flott lyd på plata.

Låta «December Song» er ein av mange nedturar på plata. Rett nok er teksten fin, men melodien er uoriginal og kjedeleg. Dette er eg overtydd om at eg har høyrt før, og verken refrenget eller mellomkvedet er imponerande. Mest har eg lyst til å skifte spor. Det samme gjeld «Be steady» og «Three Hearts In A Bowl».

Tarpan Seasons er ei plate som er heilt grei til å ha i bakgrunnen mens du nyt ein kopp kakao, og overraskar av og til med låtar som er verde den fulle merksemda di.

Powered by Labrador CMS