Halvhjerta Snoop Dogg

Snoop Dogg leverte ein underhaldande konsert, men mangla energi.

Publisert Sist oppdatert

UKA Konsert - Dødens Dal - 15. Oktober

Før Snoop Dogg kom på scenen, varma den norske rap-duoen Envy opp publikum. Gutta hadde fantastisk kjemi både mellom kvarandre og med publikum, og viste frå starten at dei kunne gje ei solid liveframføring. Energinivået var til å ta og føle på, og når sangen «One song» blei framført var det ikkje vanskeleg å forstå kvifor desse to av fleire har blitt kalla Noregs nye hiphopstjerner. Når dei i tillegg starta i gang med D.D.Es «Her blir det liv» og fekk eit øredøvande «rai rai» i retur var stemninga i Dødens Dal i taket.

SE BILDEGALLERI FRA SNOOP DOGG-KONSERTEN

Ein god time etter duoen hadde gått av kom Calvin Cordozar Broadus jr., betre kjent som Snoop Dogg, slentrande inn på scenen. Iført ei grøn Adidas-jakke og Snoop Dogg shades og med diamantmikrofon i handa starta «the Dogg» showet. På tross av eit øredøvande mottak tok det ei god stund før Snoop kom skikkeleg i gang, og han verka slapp og energilaus. Det er kanskje ikkje stilen hans å danse som Robyn, men det hadde vore bra med meir innlevelse. I tillegg var det på grunn av lydproblemer til tider veldig vanskeleg å høyre kva han sang. Publikum var også blitt lunkne etter å ha venta i ein time på superstjerna, men dette redda han inn igjen med velkjente sangar som «Gin and Juice» og «The Next Episode». Det er på dei tidligaste klassikarane Snoop Dogg er på sitt beste, sidan det er her han er mest energisk.

Snoop fremførte eit vidt spekter frå sin musikalske karriere, og det var tydeleg at stjerna prøvde å favne bredt. Det var både musikk frå hans gjennombrot med Doggystyle, og nyare sangar for oss som knapt kunne prate på tidleg nittital. Likevel varierte framføringa veldig frå sang til sang, og rapparen mangla tilstedeværelse på scenen. Ironisk nok var mange av sangane som blei best mottatt dei han har laga i samarbeid med andre. Det er ikkje Snoop Dogg sine strofer vi hukser på «P.I.M.P», «I wanna fuck you» og «Signs», men linjene til 50 Cent, Akon og Justin Timberlake.

Når det er sagt var det mange gylne augneblikk òg. Det mest minneverdige var utan tvil når rappestjerna gjekk av scena og kom tilbake i ei Rosenborg-drakt med sitt eiga namn og eit eittal på baksida. Det var fyrst her Snoop gav alt han hadde. Alle teikna hittil i konserten på at han snart fyller førti blei brått vaska vekk. Den radmagre gangster-rapparen skapte full allsang med den technoprega David Guetta-sangen «Sweat», som var tidspunktet publikum var mest i fyr og flamme. Det heile blei avslutta med dei ikoniske «Drop It Like It's Hot» og «What's My Name?».

Det er ikkje tvil, Snoop Dogg er ein entertainer. Det er så og seie umogleg for store stjerner å tilfredsstille alle, og samtidig gje eit godt show. Sjefshunden manglar vitaliteten som skal til for å oppfylle begge krava, og resultatet blir noko halvhjerta. Heldigvis reddar han seg inn på slutten, og vi er framleis underheldt.

Snoop Dogg manglar tilstedeværelse, men veit å underhalde.

Powered by Labrador CMS