Hompetitten, hompetatten

Frå skral fiolin-filmmusikk via kraftige gitarriff til akustisk gitar: det er vanskeleg å finne ut kven 1001 er.

Publisert Sist oppdatert

I ein by med eit musikkmiljø som har fått fleire klask på fingrane dei siste åra, er ein platedebut spanande nok i seg sjølv. 1001 er no ute med sitt sjølvtitulerte debutalbum, ei indie-rocka plate som hoppar frå det rett gode til det unødvendige, og tilbake igjen.

Foto: «Forging the Wind», ein kort snutt av ein melodi utan bruk av vokal, opnar denne sprettballen av ei plate. Den minner meir om filmmusikk enn noko anna, og bygger opp ei skummel stemning før ein skral fiolinmelodi bryt gjennom. Spor ni, «...», er av same slaget, og desse to utgjer nokre minutt med albumfyll som plata kunne klart seg utan.

Etter å ha høyrt dei fire fyrste spora, undrar eg på kvar dette skal bere hen. På fire låtar har vi hoppa frå skral fiolin-filmmusikk via kraftige gitarriff i «Underground», litt lettare pianoakkordar i «Kill», og til «Placebo Lullaby» – ein rolig melodi for det meste beståande av akustisk gitar og vokal. Her kjem stemma til vokalisten, som eg ikkje la merke til på dei tidlegare songane, tydelegare fram, og viser seg å vere rett god.

Oftast er det gitarriff som pregar songane, slik som på «Underground», «Don't Waste My Time» og singelen «So Beautiful». Men nokre låtar gir òg plass til meir piano og synth, slik som nemnde «Kill». Cello og fiolin dukkar òg opp, og i tillegg til å skape eit breiare lydbilete, tilfører dei eit dramatisk preg. 1001 er eit variert album, og fellesnemnaren må vere at melodiane stort sett er gode og fengjande.

Akkurat då eg trur eg er på nippet til å finne ut kven 1001 er, tek sprettballen verkeleg sats og hoppar til «In the Days I Left Behind». Den akustiske gitaren frå «Placebo Lullaby» er leita fram igjen, vokalen er nok ein gong i fokus og i bakgrunnen finn vi fleirstemmig koring. Veldig annleis, veldig overraskande og min favoritt.

1001 kan samanliknast med ei eng med ein rik flora; innimellom dei vakre rosene stikk ugraset fram. Men det er ein spanande debut der rosene blomstrar meir og meir for kvar lytting.

Powered by Labrador CMS