Konsert med høg promille

Med felleskjøp-capsen på hovudet, karsk i blodet og sveitte rennande ned ryggen, var Trondheims studentar klare for ein time med sur vokal og ølsøl.

Publisert Sist oppdatert

SIRKUS ELIASSEN - STORSALEN - 15. SEPTEMBER

Samfundet var fullsett av bygdetullingar med rutete skjorter og slitte dongeribukser laurdag kveld. Om ein tykkjer dette virkar harry, vert det ikkje betre når ein får høyre at brødrene frå Bodø var på huset for å lage liv. Sirkus Eliassen, som består av Magnus og Eirik Eliassen har blitt kjende for å lage fengjande radiohits med partyfaktor.

Storsalen var fylt til randen når brødrene kom på scena, og dei lot ikkje folk vente lenge før første hit vart framført. Å starte med ein av dei mest kjende sangane var ikkje nokon dårlig idè, for det tok ikkje mange sekunda før publikum var med og brølte på refrenga. Etter å ha høyrt på dei nokså travle låtane bli spelt på repeat på p3 i heile sommar, hadde eg ikkje så høge forventingar for konserten. Til trass for dette, må eg ærleg innrømme at ein ikkje kunne draumt om betre stemning i salen. Artistane slang ut kommentarar som «Trondheim, dykk er så forbanna deilige», og det var ingen vil om at dei hadde taket på publikum denne kvelden. Etter at den eine broren reiv av seg skjorta og hoppa rundt på scena som ein apekatt, var lydnivået blant publikum nesten hakket for høgt, men ein kan nesten ikkje klage på at det vart for god stemning.

Alle har høyrt songane til Sirkus Eliassen. Eller, alle har iallefall høyrt nokon av songane. Litt ut i konserten innrømte dei sjølv at dei kun har fire kjende songar, og at publikum måtte halde ut med nokon ukjende songar også. Til trass for at publikum ikkje kunne eit einaste ord av halvparten av songane på programmet, klarte artistane å halde interessa oppe. At 90 prosent av publikum var rimelig bedugga på dette tidspunktet, var sikkert ein faktor som spelte inn på at stemninga var i taket. 

Øl vart kasta rundt overalt, og svetta rann fra den energiske gjengen på dansegolvet. Rett etter ein haug med «glowsticks» vart kasta ut i salen, tok kjekkasen i bar overkropp sats frå scena, og svevde over publikum i ein vellukka «stagedive». Etter å ha framført ein totalt ukjend song, forsvant gutta fra scena. Det tok ikkje mange sekunda før dei kom glisande tilbake, for å framføre monsterhiten «Æ vil bare dans». Etter denne takka dei for seg, og forsvant. 

Sjølv om forventingane var labre før konsertstart, kan det ikkje nektast for at det var ein kjempeopplevelse. Ikkje fordi songpresentasjonane var betre enn forventa, men fordi det var ein himla bra energi hjå publikum.

Powered by Labrador CMS