Kråkesølv og terror-standup til ISFiT 2011

ISFiT lettar på sløret og røpar noko av festivalprogrammet.

Publisert Sist oppdatert

Den populære og kontroversielle amerikansk-palestinske standup-komikaren Aron Kader er ein av dei som skal opptre.

– Det er første gong ISFiT presenterar ein så stor standup-komikar. Aron Kader er kjent for å provosera, og me forventar eit show utan om det vanlege, seier ISFiT-president Jørgen Westrum Thorsen i ei pressemelding.

Kontroversiell

Aron Kader er kjent for kontroversielle show der han tar opp kjenslege politiske temar. Forventingane er store.

– ISFiT har deltakarar frå over 100 land og det blir spanande å sjå korleis publikum reagerar, seier Presidenten i ISFit.

Aron var ein av dei fira som deltok i den berømte turneen «Axis of Evil Comedy Tour», der terrorisme var eit sentralt tema og han har blant anna bana veg for standup-Komedie i Midausten.

Skodespel frå SiT

Sex, intrigar og kjærleik står i fokus i det anerkjente teaterstykke «Closer» som skal gå på Studentersamfundet 13-20. februar.

Closer er eit teaterstykke skrevet av britiske Patrick Marber og har hatt stor internasjonal suksess. I 2004 blei stykket filmatisert med skodespelarar som Julia Roberts og Jude Law.

Produsent Gry Haakenstas ved studentersamfundets interne teater (SiT) seier at publikum vil få ein spesiell oppleving.

– Dette blir fantastisk. Me har svært dyktige skodespelarar som kjem til å gjennomføra detta aldeles strålande, seier Haakenstad.

Ikkje festival utan musikk

Også ein av rebellane innan norsk musikkbransje kjem til ISFiT for å støtta globalhelsa.

Foto: TIL ISFiT: Urokråkane i kritikarroste Kråkesølv spelar på Studentersamfundet 11. februar. Kråkesølv takka nei til Statoil stipendet i 2009 i protest mot oljeboring i Lofoten. 11. februar spelar dei på Samfundet.

– Me ynskjer å engasjera oss i helsespørsmålet gjennom å delta på den Internasjonale Studentfestivalen i Trondheim. Det er viktig å oppmuntra til frivillig arbeid, seier Magnus Nohr Unstad, Vokalist og gitarist i Kråkesølv.

Powered by Labrador CMS