
Natt og Dag startar opp att i Trondheim
Etter meir enn to år utan Trondheimskontor er avisa tilbake i byen, noko dei håper musikkmiljøet vil nyte godt av.
– Det er tydeleg at vi kan fylle eit tomrom i byen sitt kultursegment, seier Torgeir Telle ved distribusjonsavdelinga til Natt og Dag.
Fyrste utgåve kjem i februar, og det er tre tidlegare GRUSmedarbeidarar som har fått ansvaret for å starte opp att Trondheimsavdelinga.
– Å starte opp igjen i Trondheim har stått på agendaen sidan sommaren 2008. Hadde det ikkje vore for GRUS kunne dette skjedd tidlegare, men no er jo dei ute av biletet, seier Telle.
Han meiner Trondheim er ein viktig kulturby som har fått mykje pes siste åra, og trur det kan ha samanheng med at det talerøret som Natt og Dag representerte vart borte.
– I Bergen gav Natt og Dag ein boost til John Olav Nilsen og gjengen, og vi ser at større aviser følgjer med på oss. Saker som vi tek opp ser vi til dømes att i andre aviser nokre veker seinare, seier han.