VEDLIKEHALD HAR UTEBLITT: Suzette Paasche er bekymret for gamle museumsbygg.

Ofrar kulturarv for modernisering

Nedprioritering av vedlikehald gjer at museumsbygga i Trondheim forfell.

Publisert Sist oppdatert

– Vi må ikkje gløyme dei bygga og samlingane vi allereie har. Vi må seie i frå slik at vi ikkje mistar kulturarven vår i moderniseringsprosessen, seier Suzette Paasche, administrerande direktør for Museene i Sør-Trøndelag AS (MiST).

Paasche meiner pengar til vedlikehald har uteblitt, og at tilstanden til bygningane stadig vert dårlegare.

Størst behov er det ved Sverresborg Folkemuseum, som åleine treng 100 millionar for å setjast i stand.

– Vi drøymer om å ha dei pengane, men det er kostbart å vedlikehalde gamle bygningar, seier Paasche.

Og det er ikkje berre dei eldste bygningane som har behov for eit lyft.

– Det handlar både om stavkyrkjer frå 1100-talet og nyare bygg. Trondheim Kunstmuseum, bygd på 1930-talet, har eit gjennomgripande behov, seier ho.

– Kven har ansvaret for at tilstanden er slik den er?

– Før MiST vart stifta i 2009, var bygningane eigd av stiftingar som òg hadde ansvaret for drift og vedlikehald, men no er det vi som har dette ansvaret. Det har vorte søkt om midlar ved både stat og fylkeskommune utan at det har gitt dei store resultata.

Upopulært vedlikehald

Ei av årsakene til nedprioriteringa av vedlikehaldet, er opprettinga av nybygg.

– Det har vore lettare å få tilslag på nye bygg enn på å halde dei gamle ved like. Det er mindre populært å drive med vedlikehald, seier Paasche.

Ho meiner det har vore eit fokus på digitalisering og formidling dei siste åra. Dette for å gjere tilbodet meir tilgjengeleg.

– Er Rockheim eit døme på eit slikt nybygg?

– Det er utruleg sjeldan vi opnar eit nasjonalt museum i dette landet, og det er eit stort lyft både for Noreg og Trondheim. Dessutan byggjer heile tenkinga av museet på brukarmedverknaden på nettet.

Nasjonal debatt

Vedlikehaldsutfordringa er noko MiST deler med fleire museum over heile landet. Ifølgje Paasche vil ikkje meir pengar nødvendigvis løyse problemet.

– Det vert pumpa pengar inn i museumssektoren, men det er ikkje nok. Vi må ta stilling til kva vi skal ta vare på, seier ho.

Ved Sverresborg har MiST eit friluftsmuseum med ei samling av verneverdige bygningar, og i tillegg til dei som allereie står har dei mange byggverk liggande på lager.

Paasche spår at dei aldri vil bli sette opp.

– Vi må finne ei total prioritering for Noreg, for vi kan ikkje spare på alt. Vi må ta stilling til dei husa som ligg lagra, og ynskjet er sjølvsagt at vi greier å bevare alt som er samla inn, men vi ser at det byr på store utfordringar, seier Paasche.

Ho etterlyser ein debatt kring kva bygningar ein skal ta vare på, men òg kven som skal ta vare på dei.

– Det er eit felles ansvar å ta vare på viktige, verneverdige objekt. Vi er klare til å ta den debatten, seier ho.

Powered by Labrador CMS