INGEN SØLVGUT: John Engelbert gav alt frå scenekanten i Storsalen.

Osande bra frå Johnossi

God musikalsk trynesleiking frå nabolandet.

Publisert Sist oppdatert

Dei er frå Sverige, dei er to og dei heiter John Engelbert og Oskar "Ossi" Bonde. Førstnemnte spelar gitar og syng, sistnemnte slår på trommer. Saman utgjer dei bandet Johnossi. Laurdag var dei på Studentarsamfundet i Trondheim og spela for ein nesten full storsal.

Roleg start

Fire minutt over halv tolv entra duoen scena til jubelen frå eit publikum som allereie hadde stått og trippa på parketten ei stund. «Marvericks», som óg er tittelsporet frå den siste plata til bandet, fekk æra av å vera opningsnummeret.

Foto: Stine Rimmereid Rørvik, Under DuskenDet valet var kanskje ikkje det beste sidan den blei meir eit antiklimaks enn kva forventningane tilsa, etter at dei hadde ein pangstart med hiten «What´s the point» på Malakoff Rockfestival i sommar. Men sjølv om det ikkje blei ein eksplosiv start, hypnoserte dei tilsynelatande publikum.

Boltrar seg på scena

Ossi tromma med eit høgt aktivitetsnivå, og John Engelbert spelar flittigt på den akustiske gitaren. Lyden frå gitaren sendte han gjennom effektboksar og forsterkarar meint for el-gitar, slik at den kom ut igjen i rå, vrengte og kraftfulle former.

For det om han hadde på seg ei sølvfarga paljettskjorta, gav han seg ikkje ut for å vere ein sølvgut, heller ei semihås rockestjerne som gav alt på scena. Tromminga til "Ossi" var det lite å utsetje på. Han skåra óg høgt hos publikum då han med jamne mellomrom kasta trommestikker ut i salen. «Execution song», som nok mange hadde gleda seg til, var noko av det som skuffa. Då dei spela den var dei ein skygge av seg sjølve, og songen var nesten ikkje til å kjenna igjen.

Fryd og gaman

Johnossi beviser igjen at dei kan spela live, og fyller Storsalen med storslått energi og god musikk til randen. Noko som smittar over på publikum, som var ekstremt ivrige.

Under radio-hiten «Man must dance» skulle ein tru parketten i Storsalen var bytta ut med ein stor trampoline, sidan nitti prosent av tilskodarane hoppa opp og ned i ekstase. Det blei heller ikkje dårlegare stemning då Engelbert humørfylt spurde om han skulle kjøpa burger på Sesam, til stor fornøyelse frå publikum.

Tilfredsstilt

Dei får tommelen opp for avsluttningnummeret av konserten, som diverre kom så alt for fort. «Roscoe», som var den siste songen, blei framført med ein glød og ei innleving av ein annan dimensjon, og det toppa seg då Johon Engelbert stappa nesten heile mikrofonen i munnen mens han song dei siste strofene av songen.

Dei einaste som såg ut til å ikkje la seg fascinere av Jonhossi laurdag kveld, var eit par som overraskande klara å gjenomføra heftig trynesleiking under heile konserten. Alt i alt gav Johnossi Storsalen ei musikalsk oppleving som festa seg på netthinna.

Powered by Labrador CMS