Populær velvære

Neglelakkar i freshe farger, ungdommelege leppestifter og hyggeleg prat. I dag arrangerte UKEhjelpen Velværedag.

Publisert Sist oppdatert

UKEhjelpen består av ei gruppe med UKEfunksjonærar som har ein heilt annleis jobb enn mange av dei andre funksjonærane. Dei har nemmleg er ansvarlige for å arrangere diverse opplevingar som skal vere til glede for dei eldre i Trondheim.

Tidlig onsdag føremiddag samlast ei gruppe fra UKEhjelpen seg på Samfundet, for å gjera seg klare for dagens oppgave. Der fekk dei utdelt store korger med alt mogleg av sminke, hårprodukt og parfymer. For å kunne skape ei hyggeleg stemning, fekk dei også sendt med cd`ar med roleg musikk, og kjeks og frukt som dei kunne tilby dei eldre.

Velværedagen går ut på å glede dei eldre på dei forskjellege velferdssentera i Trondheim. Dei som ønskte det, fekk lakkert negler, fekk massert hender, og nokon ville også teste ut parfymene som studentane hadde med seg.

Foto: Hanna-Emilie Kværner, Under DuskenUKEHJELPERE: Siri Jørgensrud og Ingvild Lyckander var klare for å glede Trondheims eldre.UKEfunksjonærane Siri Jørgensrud og Ingvild Lyckander tok turen til Tempe Helse- og velferdssenter, og her vart dei teke godt i mot av både tilsette og bebuarar.

Det var tydleg at damene hadde sett fram til at studentane skulle komme på besøk, og praten gjekk utan stopp. Historier frå "gamledagar", vart ivrig fortalt med stor entusiasme til studentane, som med stor interesse lytta til det dei hadde å fortelje.

Foto: Hanna-Emilie Kværner, Under DuskenFINE NEGLER: Neglelakk og handstell var populært blant dei eldre.- Eg har tidlegare jobba som sekretær, men det er lenge sida. Sjølv om det kanskje ikkje ser slik ut, så nærmar eg meg hundre år, fortalte bebuaren Ruth lattermildt.

Velværedagen viste seg å vere eit populært tilbod på Tempe, og studentane hadde nok å gjera på når dei var der. Det mest populære var å få stelt og lakkert neglane, noko Siri gledeleg hjalp til med.

– Kva farge skal du ha? Rosa, lilla, kvit eller raud?

– Det trur eg du skal bestemme, sidan det er du som veit kva som er "in" om dagen, svarer Magnhild.

– Då trur eg at vi tek den raude, sidan den er evig tidlaus.

Elin Dalseg Skrede frå Kulturenheten var med på velværedagen. Ho tykte at det var eit kjempepositivt arrengament, og fortalte at bebuarane sette stor pris på å få besøk av studentane. Skrede meinar at gode, kulturelle opplevingar førar til eit betre liv.

– Når ein blir eldre, så er det vanskeleg å dra på kulturelle arrangement utanfor velferdsheimen, difor er det veldig viktig at det blir arrangert slike ting som dette her, meinte Skrede.

Powered by Labrador CMS