
Revysjefen lettar på sløret
UKE-revysjef Eva Brekke lovar å imponere publikum med spektakulære og fysiske revynummer.
– Vi har nokre nummer som spelar meir på musikk og kroppsspråk og mindre på dialog. Dette er fysiske nummer som eg trur folk kan verte overraska over, seier revysjef for UKA-09, Eva Brekke.
Revyen byrjar på laurdag, og går kvar dag under heile UKA. Dei tretti nummera som revyen inneheld byr på litt av kvart, blant anna ei Trondheimsvise, eit tributenummer og nokre parodiar.
– Eg for min del likar eit nummer som heiter Shalalasystrene. Det er ein parodi som treff meg veldig godt, men eg trur forskjellige nummer treff forskjellige folk.
I tillegg lovar den tjuetre år gamle medisinstudenten eit nummer om gløsarar, utan at ho vil gå noko meir inn på kva det vil seie.
Lausare tråd enn i '07
– Dersom vi samanliknar med revyen under UKA-07, så kan vi vente oss ein revy med ein friare tråd, og med det meiner eg at mange nummer står godt for seg sjølve, seier Brekke.
Sjølv om tråden er friare, er der likevel ein tråd som går att i dei fleste nummera, og som blir knytt opp mot UKE-namnet som i år er «Skabaré».
– Vi knyt «Skabaré» opp mot at folk har mykje å gjere, og at mange har ein tendens til å utsetje ting. Dette med utsetjing og slumring er noko som går igjen gjennom heile revyen, og både studentar og andre vil nok kjenne seg att i dette.
Les Under Dusken si vurdering av revyen i papirutgåva på tysdag.