
Samfundet tømmer Ricks Café
Sist laurdag var det offisielt slutt for utestaden Ricks Café. Inventaret derimot, har fått ein ny start.
Sidan 2007 har Ricks Café hatt store problemer med lydisoleringa i bygget, noko som har resultert i mykje støy og klagar frå naboar. I byrjinga av juni mottok dei dommen som betydde ein endeleg slutt for utestaden. Dette har no Studentersamfundet dratt stor nytte av. Dei har nemleg fått kjøpe møblane frå utestaden til ein svært redusert pris, noko som profilgruppa på Samfundet har fått i orden.
Mykje til Edgar
Takka væra dei har også store delar av møblane kome på plass den siste veka, men framleis er det meir igjen.
Edgar er ein av dei heldige som allereie har fått mykje på plass.
– Me har fått nye stolar, nye bord, nokre barkrakkar og ein del sofaer. Me manglar framleis ein sofa fordi den var bolta fast i golvet på Ricks Café, men den skal me hente så fort me får tak i rett verkty, seier John Arne Øye, kafesjef i Edgar.
Slutt på tresmak i baken
Tidlegare har Edgar vore utstyrt med svarte trestolar, desse er no byta ut med brune skinnstolar. Dei har også fått fine barkrakkar som liknar på bongotrommer.
– På sundag var det kaos. Då me opna klokka fire hadde me ikkje fått på plass alt, så det stod ein haug med stolar ved døra, seier Øye.
I dag er alle stolane på plass, og dersom du hugsar korleis dei gamle møblane såg ut, er det verdt å ta seg ein tur til samanlikning.