Sart og sterkt på samme tid

Radio Revolt har sjeldan opplevd like sterk og intens stemning på Knaus som Chili Vanilla klarte å skape onsdag kveld.

Publisert Sist oppdatert

Det som skiller Chili Vanilla frå sine tubatriokollegaer er det uredde nakne uttrykket. I motsetjing til Kristoffer Lo, som trakterer tubaen i PELbO, brukar Steffen Granly i Chili Vanilla ingen andre effektar enn dei han kan frambringe med instrumentet og kroppen sin i seg sjølv. Det er dei grepa gruppa har tatt for å møte utfordringane som følgjer med ei slik besetning som pregar uttrykket deira.

Chili Vanilla får det til å sjå enkelt ut. Det skal ikkje meir enn to tonar til før ein har ein akkord, og ispedd dei tekniske ferdigheitene til tubaist Granly og vokalist Synne Sanden blir det rikeleg med nyansar og variasjon til å skape eit spennande lydbilde som er både gripande og engasjerande. I tillegg kjem trommeslagar Siv Øyunn Kjenstad med ei svært sterk stemme i seg sjølv og bidreg til å ta låtane frå sarte og seige parti, og bygge dei opp til meir og meir til heftige, rocka strekk. Chili Vanilla brukar dynamisk variasjon for alt det er verdt!

Konserten natt til torsdag var i byrjinga prega av den seine konsertstarten. Klokken 00.15 har brorparten av publikum ved Samfundet fått i seg litt av kvart og er i god form – på godt og vondt. Dei første låtane blei forstyrra av bråk frå litt for overstadige publikumarar, men denne trioen slår såpass hardt frå seg at dei fleste i salen etter kvart forstod kva fokuset deira burde vere retta mot. Når Synne Sanden verkeleg dreg til er det vanskeleg å tenkje på noko anna. Mindre intenst blir det ikkje når dei plutseleg slepp seg heilt ned til sarte, stille parti igjen.

(Lyd/redigering: Ingvill Bagøien Hustad og Olav Opsvik).

Det er tydeleg at desse tre har spelt relativt lenge i lag, og har etter kvart blitt svært rutinerte live. Settet sit hardt, og er godt komponert, med veksling mellom nakne minimalistiske riff-baserte låtar, til meir klanglige og melodiøse låtar. Som til dømes når Kjenstad tek fram kalimbaen, eller når Sanden sett seg ned med det vesle, rare leikepianoet sitt.

Den siste delen av konserten var det vilt god stemning i publikum, som krevde ekstranummer og gav stormande applaus. Radio Revolt jubla med dei!

Tubatrioar med utspring frå Trøndelagsområdet er i ferd med å bli eit fenomen. PELbO slepper i desse dagar sitt andre album, medan Chili Vanilla har hatt eit svært aktivt år, og går i studio med Audun Kleive bak spakane i November. Samtidig er den litt meir ferske gruppa MØLL definitivt på veg opp og fram. Høyr meir om alle desse i forrige sending av Påtirshda

Powered by Labrador CMS