
Satsar på stinn Storsal
Under utvekslinga i København innsåg Mari at ho sakna Samfundet. No er ho klar til å flytte inn i det runde raude.
– Eg vil engasjere og ha ein full Storsal kvar einaste laurdag, seier Mari Norman (24), nyvalt leiar ved Studentersamfundet i Trondheim.
Gode samfundsmøter er ei av fanesakane hennar, og ho håper dei kan verte enno betre enn dei er i dag.
– Eg vil ha samfundsmøte som freistar ulike typar studentar, med tema som underheld, utfordrar og skaper debatt, seier ho.
Psykologistudenten, som tilbragte førre semester i København, vann valet med knappast mogleg margin. Eit par stemmer var avgjerande for at ho fekk det nødvendige fleirtalet.
– Det gjer det heile til ei større ære og syner at eg var oppe mot to gode kandidatar, seier Mari.
Tradisjonen tru tek ho over vervet 17. mai, men jobben har allereie byrja. Ei av dei fyrste utfordringane hennar er å setje i hop eit nytt styre.
– Eg vil ha med meg samfunnsengasjerte, kreative personar som er gode til å samarbeide, seier ho.
Støttar 20-årsgrensa
I haust innførte Samfundet 20-års aldersgrense for alle som ikkje er studentar, ei ordning som Mari stiller seg bak.
– Å innføre 20-årsgrense var positivt, og vil ha verknad på sikt, seier ho.
Ho ser likevel utfordringar ved ei slik omlegging, spesielt med tanke på marknadsføring.
– Utfordringa er å verte kvitt stempelet om at Samfundet er ein utestad for 18-åringar. Vi må halde fram arbeidet med å grunnfeste rolla blant studentane og få dei til å føle eit eigarskap til huset, seier ho.
Vidare håpar Mari å få opp det totale besøkstalet til Samfundet, både på kvardagar og helgedagar.
– Godt samarbeid med HiST og ulike studentorganisasjonar og linjeforeiningar vert viktig i denne samanhengen, seier ho.
– Stol på deg sjølv
Då Mari flytta til Trondheim var det UKA og ISFiT som fanga interessa hennar. Under ISFiT-09 var Mari nestleiar, eit verv som har gitt henne nyttig leiarerfaring.
– Som leiar er eg målretta, inkluderande og motiverande, seier ho.
Sitjande leiar for Samfundet, Leiv-Erik Ødegaard, var funksjonær under ISFiT-09. Han har stor tru på at Mari vil gjere ein god jobb som leiar for Samfundet.
– Eg let meg engasjere av henne. Ho er entusiastisk, tydeleg og bestemt, samtidig som ho viser sine mjuke sider, seier Ødegaard.
Han karakteriserar Mari som ein sterk leiar, og har følgjande råd på vegen:
– Lytt til andre, men stol alltid på deg sjølv.