
Slit med å nå studentane
Studentane besøkjer sjeldan Trøndelag Teater, Olavshallen og Trondheim Kunstmuseum. Dei tre kulturinstitusjonane innrømmer at dei har ein jobb å gjere.
– Studentbillettane utgjer 18–20 prosent av salet, men vi skulle gjerne hatt fleire. Det må òg seiast at dette talet inkluderar både studentar og andre unge, så det reelle talet for studentar åleine er noko lågare, seier salssjef Bente Dyrseth ved Trøndelag Teater.
Dei vel tretti tusen trondheimsstudentane utgjer ein stor del av den potensielle kundegruppa, men det viser seg at dei ikkje er så lette å få tak i. Korkje Trøndelag Teater, Olavshallen eller Trondheim Kunstmuseum er nøgde med studentandelen.
Krevjande studentar
– Studentar som målgruppe er utfordrandefordi dei har mykje å velje mellom, og dei er kritiske og krevjande, seier høgskulelektor Morten William Knudsen ved BI i Bergen.
Han underviser i marknadsføring og er godt kjent med Trondheims kulturliv, spesielt Trøndelag Teater.
– Problemet er at produksjonane ofte vert for «mainstream» fordi dei må leggje seg på noko som appellerer til alle for å klare seg økonomisk. Samtidig er det ikkje lett å tilfredsstille alle, og då er spørsmålet om produktet treffer studentane.
LAS OGSÅ: Vitjar studentane kulturinstitusjonane?
Det vert ofte nemnt at studentar er prismedvitne, men Knudsen meiner at dette ikkje hindrar studentar frå å oppsøke desse institusjonane.
– Det er tre ting som er viktige for å treffe studentane. For det fyrste må ein finne dei rette kanalane å nå dei på, og her viser til dømes nye sosiale media seg å treffe godt. Deretter må dei ha ein bodskap som er relevant, aktuell og nyskapande, og som samtidig appellerer til den aktuelle målgruppa. Den tredje utfordringa er finkulturen, som mange assosierar slike tunge institusjonar med.
Vennar på Facebook
Foto: Lara Stiberg Long, Under DuskenHALV PRIS: Salssjef Bente Dyrseth ved Trøndelag Teater fortel at dei har vore ute ved studieinstitusjonane og selt teaterkort til halv pris.Trøndelag Teater gjennomførte ei marknadsundersøking i fjor, og der kom det fram at studentane ikkje var heilt klar over kva tilbod teateret hadde eller kva det kosta. Dette har dei jobba med, og i år har dei gitt studentsatsinga eit lite løft som dei håper å sjå resultatet av på sikt.
– Vi har arrangert skodespelartreff i etterkant av nokre av framsyningane våre, teateravisa ligg ute i kantinene og vi har vore ute ved studieinstitusjonane og selt teaterkort til halv pris, seier Dyrseth.
At publikum får høve til å treffe skodespelarane, er noko dei har fått gode tilbakemeldingar på, og Dyrseth ser føre seg at dette er noko dei kan halde fram med. Teateret håper at dette kan bidra til å gjere teateret meir attraktivt for studentane i byen, og for å nå ut til dei yngre brukarane har dei òg oppretta ei eiga gruppe på Facebook.
– Vi er faktisk det teateret i Noreg med flest vennar på Facebook, smiler Dyrseth.
Kunsten slit mest
Ved Trondheim Kunstmuseum har dei ein studentandel mellom fem og ti prosent, noko direktør Randi Lium innrømmer er for lite.
– Her har vi ei utfordring, og vi arbeidar derfor med å utvikle fleire attraktive tilbod til studentane i Trondheim.
Gråmølna på Solsiden er eit lokale der dei prøver å halde ein ung profil, og her er det gratis inngang på alle utstillingar.
– Det er ikkje sikkert at alle er klar over dei tilboda vi har. Dette gjeld nok spesielt for studentar som ikkje er frå Trondheim.
I tillegg til Gråmølna meiner Lium at Kunstmuseet har mykje som kan vere av interesse for studentar.
– I haust har vi til dømes utstillinga Hamsunfantasiar med illustrasjonar av bøkene til Hamsun. Dette bør passe godt for studentar som studerer nordisk.
Varierande Olavshall
– Vi føler absolutt ikkje at vi gjer nok for å nå ut til studentane. Slik sett har vi mykje å gjere. Vi skulle gått ut breiare, men dette kostar pengar, seier pressekontakt Marit Glimstad ved Olavshallen.
Olavshallen er ein av dei største konsertarrangørane i byen, men kan ikkje skilte med studentrabatt på alle framsyningane sine.
– Vi bestemmer ikkje programmet sjølve. Vi driv med utleige av lokale, og dei som leiger seg inn, avgjer pris og om det skal vere studentrabatt.
Dette gjer at både studentrabatt og studentrelevans varierar frå framsyning til framsyning.
– Ein stor del av programmet er studentrelatert, og symfoniorkesteret har til dømes mange studentar i kundebasen sin. Samtidig er det vanskeleg å svare på kva som appellerer til studentar og kva som ikkje gjer det. Ved eit stand up-show for litt sidan var til dømes to av seksti billettar studentbillettar, medan halvparten av dei som løyste billett til Thomas Dybdahl var studentar.
– Kva gjer de for å nå ut til studentane?
– Vi reklamerer ikkje noko meir overfor studentar enn vi gjer for resten av publikumet.