
Søte, søte Marit
Med bygningshatt og glimt i auget, leverte Marit Larsen ein spesiell kraftverkkonsert på Leirfossen tysdag kveld.
Når du må gjennomføre ein så kranglete busstur at du ikkje hadde funne heim att for fem flate øre, kle deg i refleksvest og hjelm for deretter å gå 350 meter inn i fjellet, skjønar du at det ikkje er ein vanleg konsert du skal på. Men slik er det å vere på konsert i Leirfossen kraftverk.
Fornøgde gløsarar
Det spesielle konsertlokalet fall i smak hos Celine Lund, Amita Khan og Lisa Marie Krøvel, som var veldig fornøgde etter konserten på tysdag.
– Det var veldig nyskapande og spanande å ha konserten i eit kraftverk, seier dei.
Marit Larsen er yndlingsartisten til dei tre bygg- og arkitekturstudentane, noko dei heller ikkje la skjul på.
– Vesenet hennar var det beste ved heile konserten. I tillegg var det kjekt å høyre musikken hennar utan bass og trommer.
Desse instrumenta kunne nemleg ikkje Larsen og bandet nytte seg av på grunn av dei noko spesielle konserttilhøva.
Dyktig, men...
Før den søte og sjarmerande Marit Larsen entra scena, underheldt Therese Aune publikum med sju-åtte eigne songar og ein cover av Aqua sin «Barbie girl» - eitt av dei banda ho likar dårlegast i følgje henne sjølv.
Personleg likar eg pianospelinga til Aune betre enn sjølve stemmebruken. Det er ikkje til å stikke under stol at Aune er dyktig musikalsk og at ho veit å utnytte variasjonen i stemma si, men det vert for mykje sære lydar av typen ooo-ing og aaa-ing for min del, og i tillegg fraserar ho litt for ofte. Nemnte Barbie Girl var den songen eg likte best, og eg tykkjer publikum kunne gitt henne litt betre respons - både på den og dei andre songane hennar. Folk stod rett opp og ned under heile konserten, og det var ikkje ein gong tendensar til rørsle. Om dei berre var tiltakslause eller rett og slett gripne av stemninga i kraftverket, er vanskeleg å vite.
I søtaste laget?
Marit Larsen kjem inn med bygningshatten på, men tek den av seg og seier: «eg ofrar livet for forfengelegheita». Og ho ser faktisk litt forfengeleg ut der ho står og rettar på håret i den blomstrete kjolen sin, og smiler sitt søte og uskuldige smil. Eg tek meg sjølv i å tenke at dette kan verte litt i søtaste laget for min del, og ventar spent på å få høyre dei fyrste tonane.
Det startar forbausande bra, og dei nydelege pianotonane frå «the chase» opnar konserten. Med dei grå bergveggane som ramme, lyskastarar som ser ut som solglimt og ein scenebakgrunn som minner om Noregs djupe skogar, er den magiske stemninga satt.
Foto: Simen Maske, Under DuskenFORNØGDE GLØSARAR: Cecilie, Amita og Lisa Marie tykte Marit Larsen leverte ein fin og koseleg konsert tysdag kveld.Korleis resten av konserten til Marit Larsen utarta seg kan du lese i papirutgåva på tysdag.
Foto: Simen Maske, Under Dusken