Taburettballett

Spisse albuar og funky dansing var nokon av taktikkane som vart brukt under NM i stolleiken onsdag føremiddag.

Publisert Sist oppdatert

Det heile starta med ein nøye gjennomgang av reglane. Som i dei fleste konkurransar, vart det opplyst om at det ville bli gitt gult, eller raudt kort til dei som ikkje følgde desse reglane. Å gå seint med vilje, danse forbi andre deltakarar, og hoppe over stolrekkene var ulovleg, og det var sjølvsagt heller ikkje lov å sette seg ned på ein stol utanom når musikken stoppa.

Sjølv om konkurransen vart arrangert midt i både skule- og arbeidstid, var det mange som hadde tatt seg tid til å ta del i Norges første meisterskap i stolleiken. Rundt 35 håpefulle deltakarar var med i kampen om å bli norgesmeister, og det var tydleg at konkurranseinstinktet var høgt hjå dei fleste.

Stolte på taktikken

Tempoet rundt stolane var lågt til å byrja med, noko som førte til at dommarane delte ut fleire gule, og eit rødt kort til deltakarane. Jo færre deltakarar som var igjen, dess fortare gjekk både musikken og deltakarane, og frustrasjonen over å gå ut vart større og større til nærmare dei kom finalen.

Foto: Håvard Karlsen, Under DuskenTRANGT OM PLASSEN: Blikket var godt festet i stolane under konkurransen.Etter ein tøff og langvarig konkurranse, var det til slutt Ole Jakob som kapra førsteplassen, og er no tidenes første norgesmeister i stolleik.

– Eg var berre med for det virka gøy, så eg hadde absolutt ikkje forventa å vinne, fortalte den stolte vinnaren, og la til at han synst det var veldig kult å ha ein norgesmeister-tittel.

Ein av deltakarane som blei lagt merkje til, var Knut Sverdrup Kleppestø. Han bokstaveleg talt dansa seg gjennom dei fleste rundane, men når det var fem stykk igjen, så rauk han også ut av konkurransen.

–Det å gå ut var litt som å slå seg skikkelig hardt i ei tå, kan ein kanskje sei. Det gjorde veldig vondt i eit par minutt, men så gjekk det over, forklarte Knut.

Oppretta forlag

Tarjei Drangsland hadde rolle som kommentator, og han oppsummerte konkurransen med at «det var god kok og høg stek», og med det så meinte han at det vart spelt mykje «funky» musikk, og at det var ein god og spennande konkurranse.

Foto: Håvard Karlsen, Under DuskenSTOLT: Vinnaren var nøgd med sin nye tittel.For å kunne arrangere eit norgesmeisterskap, måtte det bli oppretta eit eige forlag for stolleiken. UKEfunk Nora Eikland var ein av initiativtakarane rundt dette, og ho fortalte at ho meiner at stolleiken er til stor glede for folk. Vidare forklarte ho at dei håper at det vil forsette å vere aktivitet i "Norsk Forening For Stolleken", og at dei ynskjer å arrangere ein offensiel dag for stolleiken, der folk i Noreg kan halde på med stolleiken heime.

– Grunnen til at vi arrangerte dette, er fordi vi i UKA-11 har opplevd at stolleiken er ein leik som spreier glede, og vi ønska altså å spreie denne gleda vidare til det norske folk, fortalte ,Nora Eikland.

Powered by Labrador CMS