
Tilbakeblikk på trøndersk kultur
Ut-awards 2010 oppsummerer trøndersk kultur dei siste ti åra. Resultatet er positivt, sjølv om mykje kan forbetrast.
– Eg er imponert over dei prestasjonane vi har sett i Trøndelag dei siste ti åra, seier Stian Wallum, prosjektleiar for Ut-awards 2010.
Prisutdelinga vert arrangert for tiande gong i år, og dette skal markerast med tilbakeblikk på dei største hendingane innan trøndersk kulturliv. Sjølv er Wallum mest imponert over Stargate, ein duo som ikkje var allment kjent ved byrjinga av 2000-talet.
– For ti år sidan heldt Stargate til i eit studio på Rosten. No er dei i New York og er verdsleiiande innan R&B-produksjon;. Det er spesielt å ha vore vitne til ei slik utvikling, seier Wallum.
Tiårs-jubilant
Showet i Storsalen siste helga i januar heidrar hendingar frå 2009, men det set òg fokus på tiåret som no er forbi. Dette vert synleggjort gjennom to nye kategoriar; «tiårets trønderske låt» og «tiårets kulturelle augeblikk». Wallum meiner dei siste ti åra har gitt Trøndelag mykje positivt å sjå tilbake på.
– Vi har fått fleire oppegåande festivalar, slik som Steinkjerfestivalen, Storås og Pstereo. UKA har òg hatt ein stor opptur og innan litteraturen har namn som Carl Frode Tiller og Anne B. Ragde vore sentrale, seier Wallum.
Ein veg å gå
Sjølv om det har skjedd mykje positivt på kulturfronten, er det i følgje Wallum mykje som kan forbetrast. Spesielt trekkjer han fram filmskaping.
– Filmen Nord er skrive og produsert av trønderar, men dei bur i Oslo. Vi manglar eit levande langfilmmiljø i byen, seier han.
Også innan musikken meiner Wallum at trønderane har ein del å gå på, og konkluderar med at tiåret byrja betre enn det slutta.
– Ved byrjinga av dette tiåret var trøndersk rock sentral og gjorde seg bemerka ved Gåte og Cadillac, men dei siste par-tre åra har det vore labert med nye rockeband som er interessante utover det lokale plan, seier Wallum.
Trønderske band har ikkje vore mangelvare dei siste åra, men dei har mangla ein faneberar til å lyfte og inspirere resten av miljøet. Frå å vere i noregstoppen dalte den trønderske innflytinga ned i ein bølgedal, men Wallum ser positive tendensar som lovar godt for framtida.
– Bergensmiljøet har vore flinke til å «backe opp» kvarandre, og Trondheimsmiljøet er i ferd med å lære av dette. Eit døme er prosjektet Trondheim Calling, seier han.
Samleplata til Trondheim Calling, som vert sleppt i januar, viser kva som spirer og gror i musikkmiljøet i byen. Trondheim har mottatt massiv kritikk dei siste åra for å ikkje vere på nivå med Oslo og Bergen.
Denne kritikken er Harald Nissen, leiar for Kultur, idrett og friluftslivavdelinga i Trondheim kommune, ueinig i.
– Kritikken er grunnlaus. Det har skjedd mykje dei siste åra, men det krev eigeninnsats for å få det til. Motorpsycho jobba knallhardt og byrja heilt nederst for å kome dit dei er i dag, seier han.
– Lei av syting
Klaging på trøndersk kultur er noko Nissen har fått nok av.
– Eg orkar ikkje å høyre på sutring i Trondheim i 2010 kva angår kultur, seier han.
Nissen peikar på fleire område som har vore gjennom store løft over den siste tiårsperioden, slik som filmsatsinga, scenemiljøet i Avant Garden, Dokkhuset og kunstlokalet Gråmølna på Solsiden.
– Det har antakelegvis aldri vore eit så massivt løft innan kultur i Trondheim, seier han.
Men sjølv om satsinga og utviklinga har vore stor, er han einig i at det framleis er mykje å ta tak i.
– Litteraturmiljøet er blant dei som har fått minst tilskot over denne perioden, og det er lenge sidan vi hadde eit vitalt forfattarmiljø i byen, seier Nissen.
Han meinar Trondheimskulturen har eit potensiale som ikkje er tatt ut. Likevel sjår han positivt på framtida, mykje takka vere generasjonsskiftet miljøet har vore gjennom.
– Vi har fått fram ein ny generasjon som i større grad ser moglegheitene for å ha Trondheim som base. Sjå berre på biletkunsten, der det yngre kunstfeltet er meir synleg og markert no enn tidlegare, seier han.