
Tre kor på ein gong
Men ingen trippelsuksess, ifølgje Under Dusken sin utsendte.
Pirum, Knauskoret og Candiss har alle hatt eigne konsertar under UKA. Onsdag kveld song dei inn til trippelkorkonsert, der alle tre fekk vise delar av sitt repertoar.
Sukkersøte og rosa Candiss var fyrste kvinner ut. Etter ein artig introduksjonsvideo framførte dei fire songar. Dei to fyrste, «Gerda» og «Fjøsvisa», var ikkje heilt oppe på godt gamalt Candiss-nivå, men heldigvis avslutta dei betre enn dei starta. «Alle veit jo det» viste meir av kva som faktisk bur i koret av både stemmeprakt og underhaldningsverdi, og avslutningssongen «Gunnar», akkompagnert av ei fiks bobleblåsingsmaskin på scena, var artig. På ein kveld som denne vert det vanskeleg å ikkje drage samanlikningar mellom dei ulike kora, og slik sett var det Candiss som trakk det kortaste strået og skilte seg minst ut. Eg har rett og slett sett dei betre før, så sjølv om Candiss var til stades, bobla champagnen ikkje over.
Dyktige, men langdrygt
Er det noko Knauskoret kunne hatt betre kontroll på denne kvelden, så er det lengde. Introduksjonsvideoen var altfor lang, og berre tidvis morosam. Songane dei song, var òg i lengste laget, men det vil ikkje seie at dei var dårlege. Dei to fyrste nummera drog fram mange pophistoriske referansar, og spesielt Michael Jackson mash-up-en var god. Her fletta dei inn element frå mange av songane hans, og dei skifta frå song til song i raskt tempo. Framføringa var fengjande, og foten min hadde problem med å halde seg i ro. Av dei fire songnummera var dette det einaste som ikkje vart for langdrygt.
Dei to siste songane til Knauskoret var mindre kjente, og spelte ikkje i like stor grad på publikum sin gjenkjenningsfaktor. Her kom nokre av dei dyktige solistane til koret fram i lyset, og koret som heilskap fekk og i større grad vise kva som bur i dei.
Inga overrasking
Sist ut var mannskoret Pirum. Dei skapte god sommarstemning med sine bare overkroppar i songen «Sydentur», og publikumsjubelen auka i takt med moduleringane. Avslutningsnummeret «Ivan»skapte òg god stemning, og det er ikkje feil å seie at det beste koret vart spart til sist.
Dei tre kora hadde ei lita «overrasking» til slutt. Då gjekk dei saman på scena for å framføre fellesnummeret «Nu klinger». Dette er stemning, dette er tradisjon, men eg skulle ynskje dei kunne brukt alle dei dyktige songarane til eit litt meir spenstig fellesnummer og avslutta kvelden med eit digert pang. Å be kora om å droppe «Nu klinger» er vel det same som, eller kanskje verre enn, å banne i kyrkja, så det vil eg ikkje gjere. Men eit anna fellesnummer i tillegg hadde absolutt ikkje vore feil.
Trippelkorkonserten baud på mykje bra, men eg har sett samtlege betre før. Kanskje ei hard UKE har sett sine spor.