
UKA nominert til gjev pris
UKA kan vinne pris for «Tiårets kulturelle prestasjon».
Når Ut-awards går av stabelen 29. januar, kan UKA verte ein av vinnarane. Prosjektleiar for Ut-awards 2010, Stian Wallum, tykkjer UKA har hatt ei fin utvikling dei siste ti åra. Dette vert gjenspegla av ein nominasjon i kategorien «Tiårets kulturelle prestasjon». Her er UKA nominert for alle UKEne som har vore arrangert i løpet av 2000-talet.
Blant dei andre nominerte finn ein mellom anna Gåte sitt gjennombrot og comeback, Stargate-suksessen, Anne B. Ragde sin Neshov-trilogi, og Are og Odin frå radio.
– Det er utruleg gjevt for oss å vere nominert i denne kategorien. Nominasjonen viser at det ikkje berre er studentane som ser på UKA som ei kulturell hending, men heile Trondheim by, seier Torgeir Bryge Ødegården, sjef for UKA-09.
UKA har jobba hardt for å oppnå ein sterk posisjon i kulturmiljøet, og sjølv om dei ikkje hadde venta å verte nominert var det i følgje Ødegården i tråd med det dei ville oppnå. I tillegg er UKA nominert i kategorien «Årets augeblikk» for konsertane til Jay-Z og Gåte under UKA-09.
– I denne kategorien er to av tre nominerte augeblikk frå UKA, så vi har ein god sjanse for å vinne, seier Ødegården.