Ut-Awardsartistane er klare

29. januar går Ut-Awards av stabelen i Storsalen. Der vert det gjensyn med tidlegare vinnarar.

Publisert Sist oppdatert

Ut-Awards vert arrangert for tiande gong i år, noko som vert markert med heile to nye prisar; «Tiårets beste trønderske låt» og «Tiårets kulturelle augeblikk». Artistane som skal opptre under showet viser òg at Ut-Awards vil sjå tilbake på dei ti åra som har gått.

– Bookinga ber preg av 2000-talet og vi har sett på dei store vinnarane frå historia til Ut-Awards, seier Stian Wallum, prosjektleiar for Ut-Awards 2010.

Fyrste gong Ut-Awards vart arrangert, var gruppa Alien Breed ein av dei store vinnarane. Dei skifta seinare namn til Fremmed Rase, og er ein av fleire som vil opptre. Dei er òg nominert i kategorien «Tiårets beste trønderske låt» for songen «Råne».

Ein annan helt frå 2000-talet som vil entre scena i Storsalen er Johndoe.

– Johndoe har sjeldan konsertar. Det vert ei «one night only» for å minnast 2000-talet, seier Wallum.

I tillegg vil Are og Odin ha ein opptreden, utan at Wallum vil gå ut med nøyaktig kva dei skal gjere.

– Johndoe og Are og Odin har vore med og sett sitt preg på mange tidlegare Ut-Awards, seier Wallum.

Litt nytt vert det òg

Mange av artistane som skal opptre slo gjennom tidleg på 2000-talet, men 2009 er blant anna representert gjennom ein X-faktor deltakar frå Namsos.

– Chand Torsvik skal opptre. Han sette sitt preg på 2009, seier Wallum.

Under Dusken møtte Chand Torsvik i haust.

I kategorien «Årets mest lovande band» finn vi St. Helen, Soup og Jack Dalton. I følgje Wallum skal eitt av desse tre banda opptre i Storsalen i løpet av kvelden.

– Kven det blir vert avgjort av stemmegivinga, seier Wallum.

Powered by Labrador CMS