Velsigninga

Blessed er ein god film om eit tema mange har eit forhold til. Den viser oss at sjølv om ord og handlingar kan tyde på det motsette, så er alle barn ei velsigning.

Publisert Sist oppdatert

FILM

BLESSED - REGI: ANASTASIA KOKKINOS - ICON MOVIES

Filmen tek oss med til ein vilkårleg dag i ein tilfeldig by i Australia. Vi møter mange ulike lagnader - både gamle og unge – og fellestrekket er at du på eine sida har mødrene, medan du på andre sida har barna. Det viser seg at både handlingar og ord får konsekvensar, og vi skjønar tidleg at nokre av mødrene vil oppleve sitt livs største mareritt før dagen er omme.

Blessed er det ein ofte refererar til som ein «flettafilm». Den hoppar fram og tilbake både i tid og vinkling, og dette gjer at vi stadig vert servert ein liten bit av det store biletet. Regissør Anastasia Kokkinos har gjort eit godt grep ved å dele filmen i to kapittel; eitt om barna og eitt om mødrene. Når filmen byrjar er det morgon, og sjølv om barna, som er i tenåra, skal på skule, er det ingen av dei som dreg dit. Dei driv gatelangs og gir oss eit innblikk i ein dag prega av ungdomleg opprør, utryggleik og utforsking. Så hoppar vi tilbake. Morgonen byrjar på nytt, men no ser vi dagen gjennom auga til mødrene. Nokre scener som vi allereie har sett kjem på nytt, men no frå eit anna synspunkt. Gjennom mødrene sine auge skjønar vi meir av korleis kvardagen til barna er og kvifor handlingane er som dei er. Ingen mødre er perfekte.

Forholdet mellom mor og barn er gjæra i denne flettaloffen, og frykta for å miste eit barn er konstant til stades. For nokre er forholdet så skralt at barna ikkje ser nokon annan utveg enn å klare seg på eiga hand. Ettersom filmen går mot slutten, vert dagen til barna og mødrene fletta i hop og dei oppheld seg på same stad til same tid. For nokre er det eit godt møte, for andre det motsette.

Eg hugsar sjølv når eg var lita og skulle lære meg å flette. Det var mang ei jente som gjekk i flettafella og kompliserte mønsteret så mykje at det enda opp i mange lause endar. Blessed unngår den fella.

Powered by Labrador CMS