Zyngande Zetlitz

Fem år har gått sidan den blonde popprinsessa lot høyre frå seg. Fredag var ho tilbake med både gamle og nye låtar.

Publisert Sist oppdatert

BERTINE ZETLITZ - BYSCENEN - 4. MAI

Sjølv om det er lenge sidan sist me høyrde noko frå Bertine Zetlitz, har ho ikkje gått fullstendig i gløymeboka. Med låtar som «Twisted Little Star» og «Girl Like You» ligg ho framleis i bakhovudet og spelar. No kjem ho tilbake, og med seg på lasset har ho det nye albumet «Eletric Feet» og ein haug med glowsticks.

Det tok ikkje lange stunda frå Zetlitz entra Byscenen til godlåtane fylte rommet og dansehofta byrja å rykke, men ikkje alle var like ivrige. Etter nokre songar og ei bemerking frå den energiske artisten der ho samanlikna publikum med eit slapt vorsj tok stemninga seg opp, og folk byrja svinge på beina. Rundt halvvegs i konserten framførde ho songen «Twisted Little Stars» på norsk, noko som utan tvil traff hjarterota til dei fleste, og kanskje til og med nokre tårekanalar.****

I løpet av konserten kunne ein skimte både nye og gamle slagarar, men skilja i mellom dei to var ikkje revolusjonerande. Det nye albumet hadde høgare dansefaktor, men skilde seg sånn ellers ikkje merkverdig frå tidlegare album.

Då konserten nærma seg slutten kunne ho avsløre at ho hadde med seg ein haug med glowsticks, og på eit augeblikk var salen full av lysande plastikkrøyr. Til slutt vart ho klappa inn igjen av publikum for å spele eit siste nummer, og med det viste den vakre jenta med den spesielle stemma at ho framleis kan det.

Powered by Labrador CMS