Juleferien som kostar skjorta: – Ei bombe i økonomien

Eit nytt semester står for døra og Trondheim stappast full med studentar frå heile landet – alle litt fattigare etter juleferien. For nokon studentar kostar familietida meir enn kva stipendet dekkjer.

Publisert

Masterstudent Ådne Solheim må planlegga nøye når han skal reisa heim til Tromsø i feriane, viss ikkje går det hardt utover økonomien. 

DRAUMAR: Studenten Ådne Solheim drøymer om tog og høgare studiestøtte.

Han byrja på ein master i elektronisk systemdesign og innovasjon ved NTNU i haust, og allereie ved studiestart merka han at pengane ikkje strakk til. 

– Med ein gong eg kom til Trondheim, merka eg at stipendet ikkje kom til å vere nok. Det har gått hardt utover sparekontoen, seier masterstudenten. 

Solheim fortel at sparekontoen hans har blitt redusert med kring 20 000 kroner sidan han kom til Trondheim. Mange av pengane han spara opp gjennom jobbåret sitt, er vekke no når han studerer. 

– Å bestille reise heim er som å utløysa ei bombe i økonomien min. Eg slit allereie med irriterande matprisar. 

På grunn av dei høge kostnadane besøker Solheim familien sjeldan. 

– Den einaste gongen eg dreg heim er i juleferien. Det vert for dyrt å reise heim i småferiane. Eg ofrar mykje familietid, fortel fattigstudenten. 

Auke i studiestøtta 

Leiar av Norsk studentorganisasjon (NSO), Sigve Næss Røtvold, har sjølv erfaring med heimreiser som minkar lommeboka og peikar på at det er stor variasjon mellom fylka om kva ein kan få i studentrabatt. 

– Difor ser me føre oss eit nasjonalt reisekort der ein betalar éin pris for å reisa i heile landet med buss og tog, forklarar NSO-leiaren, som sjølv kjem frå Mo i Rana i Nordland fylke. 

NASJONALT REISEKORT: Tiltaket NSO-leiar Sigve Næss Røtvold fremjar er vedtatt utreia i Statsbudsjettet.

Organisasjonen jobbar for auke i studiestøtta, og har nyleg kunne feira at studiestøtta skal knytast til G, altså grunnbeløpet i folketrygda, frå 2026. Auke i studiestøtta er difor eit sentralt tiltak, også knyta til reise. 

– Me veit at det er dyrt å reisa, difor er det fremste tiltaket å auke studiestøtta. Å knyta den til G gjev oss ei meir føreseieleg studentøkonomi, meiner han. 

Nasjonalt månadskort på oppfordring av Stortinget 

NSO jobbar målretta mot å knyta studiestøtta til 1,5 G og leiaren påpeikar at dette er eit minimumkrav for at studentane skal få betre råd. Men for at alle skal kunne reisa billigare heim, trengs fleire tiltak. 

– Ein lyt òg byggja klimavenleg kollektivtransport i heile landet, nettopp fordi me har studentar i heile landet. Eit godt eksempel er å få byggja ei jernbane til Tromsø. 

Røtvold peikar på eit felles ansvar ovanfor studentane og trekk fram regjeringa og transportselskapa. 

– Regjeringa har ansvar for å knyta studiestøtta til 1,5 G og vedta dette i statsbudsjettet. Transportselskapa på regionalt nivå må kommunisera ilag, noko som kan bidra til eit nasjonalt reisekort, meiner NSO-leiaren. 

Røtvold kan òg dela det lyspunktet som er vedtak 56 i statsbudsjettet for 2026. I vedtaket heiter det følgjande: 

«Stortinget ber regjeringen utrede, i dialog med fylkeskommunene, muligheten til å innføre et nasjonalt månedskort for kollektivtransport. Målet er å kunne innføre et slik kort i løpet av 2027. Innføring forutsetter enighet og bevilgning i statsbudsjettet for 2027».  

– Det er eit viktig steg på vegen til eit nasjonalt månadkort allereie frå neste års statsbudsjett, forklarar han. 

Tips frå flyselskapa 

Catharina Solli er kommunikasjonssjef for Widerøe, som vart kjøpt opp av Norwegian i 2024. Difor svarar ho på vegne av båe selskapa. Ho har fleire tips til studentane som ynskjer å bestille ei rimelegare reise. 

– Meld deg opp på nyheitsbrev og følg med når det kjem kampanjar, då er det ofte gode prisar å oppdrive. 

VER PÅ VAKT: Kommunikasjonssjef ved Norwegian og Widerøe, Catharina Solli, ber studentane følgja med på nyheitsbrev for billegare billettar.

Ho legg til at Widerøe tilbyr både ungdoms- og studentbillett. Norwegian har rabatt for dei under 26 år. 

Når det gjeld studentane som skal reise longt ut til distrikta, påpeiker ho at Widerøe blir betalt av staten for å opprettholde visse flygingar, som ellers ikkje ville vore bedriftsøkonomiske. Dette er sokalla FOT-ruter. 

– Sidan Widerøe har vunne anbud på desse rutene, vart maksprisen halvert. 

Solli presiserar òg at ruter der det ikkje går direkteflygingar vert dyrare, ettersom det teknisk sett er to eller fleire turar. 

Avhengig av fly 

Ådne Solheim planlegg reisa heim so grundig og i so god tid som mogleg, viss ikkje kan det hende at han brukar heile stipendet på heimreisa, sjølv med studentrabatten. 

– Eg nyttar meg hovudsakleg av fly sidan det ikkje går tog til Tromsø, og bussen tek over eit døgn å reisa med, fortel masterstudenten. 

Solheim lengtar etter rimelegare heimreise, og i tråd med NSO-leiaren drøymer han om tog til heimbyen. 

– Eg tykkjer absolutt at studiestøtta burde vore høgare. Og at det skal gå tog til Tromsø, legg Solheim drøymande til. 

Powered by Labrador CMS