GLAD I KAKE: Studentane nølte ikkje då kaka kom på bordet.

Anonym feiring

Etter to år med planlegging til åremålsdagen til NTNU, var tida endeleg kommen til at festen kunne ta fatt.

Publisert Sist oppdatert

Rektor Torbjørn Digernes heiste flagget allereie klokka 07.50 for å markera 100-årsdagen til NTNU. Bortsett frå dette var det lite som minna om ei storstilt åremålsfeiring på Gløshaugen onsdag morgon.

Framtidige forskara

I høve åremålsdagen hadde NTNU invitert 400 elevar frå dei ulike ungdomsskulane i Trondheim, til open dag. Dette for å fortelja kva moglegheiter og ressursar skulen har å tilby. Fleire studieretningar og linjeforeiningar hadde samla seg i teltet på Gløshaugen for å visa fagleg verksemd, og overbevisa om at NTNU er det rette valet for framtida. Særleg Industriell kjemi og bioteknologi, såg ut til å få mange tilhengjarar. Om dette var grunna iskremen dei laga og delte ut, eller interessa for faget, gjenstår å sjå. Håvard Vaag Loe var ein av dei som var på vitjing på Gløshaugen. Han kunne godt tenkja seg å komme tilbake.

– Eg vil gjerne studera her, men det blir ikkje før om tre år. Eg må jo bli ferdig med vidaregåande, fortel Håvard Vaag Loe. Håvard la og inn ein god søknad til NTNUI, då han knuste all motstand av banen i håndbak.

Jubileumskonferanse

Samstundes var 350 internasjonale og nasjonale gjester på konferanse om «universitetenes samfunnsansvar i en globalisert verden», i Realfagbygget. Den blei opna av statssekretær Kyrre Lekve, og professorar som Frans Van Vught og John Wood var nokon av dei som var invitert for å setje dagsorden. Konferansen blei avslutta med debatt og spørsmål frå salen.

SJÅ BILETA FRÅ FEIRINGA HER!

10 000 kakestykke

Sjølv om det var lite som minna om åremålsfeiring for den «vanlege student» på morgonkvisten, tok stemninga seg betrakteleg opp då NTNU pakka ut gåva frå Studentsamskipnaden. Klokka 13.00 vart det dela ut cirka 10 000 gratis kakestykke fordelt ut på kantinene på Gløshaugen. Eit tilbod som studentane nytta til det var tomt. Masterstudent Åshild Vatne, var ein av dei som fekk med seg ein bit av gåva.

– Eg er nøgd med å få eit kakestykker til lunsj, så eg synes det var ei fin gåve frå studentsamskipnanden. Me er jo svært mange studentar, så me må vera nøgde med det me får, seier Åshild Vatne.

Kongen kjem

I kveld blir det eit jubileumsshow for heile byen når Fakultet for arkitektur og biletkunst, med Ole Tolstad og Pekka Stokke i spissen, arrangerar lys-show klokka 21.00. For Rektor Torbjørn Digernes, og 1300 andre gjester inkludert Hans Majestet Kong Harald, blir det jubileumskonsert i Olavshallen.

Powered by Labrador CMS