
– Beslutninga var urimeleg
Studentane som måtte ta eksamen på nytt i systemutvikling er ikkje nøgde med måten NTNU har handtert saka deira. No ynskjer dei å få saka behandla på nytt.
Då nærare 300 studentar skulle ta eksamen i systemutvikling ved NTNU i vår fekk dei utdelt den same eksamenen som vart gjeve på kontinuasjonseksamen i fjor haust.
Etter å ha motteke klage frå 18 av studentane valde Klagenemnda ved NTNU å annulere eksamenen. Då 84 andre studentar ynskte å klage på annuleringa vart dei avvist av NTNU, som meinte dei ikkje hadde klagerett.
– Eg tykkjer NTNU si respons på saka har vore merkeleg. Det er ille nok i seg sjølv at ein eksamen blir gjeve på nytt, men handteringa av saka har vore langt verre, seier student Håkon Sveinssønn Mork.
– Spekulasjonar og antakingar
Sivilombodsmannen vart beden om å sjå på saka, og fire dagar før ny eksamen den 20. august gjekk det ut brev til studentane der NTNU gjorde det klårt at dei likevel fekk lov til å klage. På vegner av seg sjølv og 130 andre studentar sendte Mork klage på annuleringa av eksamenen til klagenemnda.
– Beslutninga om å annulere eksamen var urimeleg då klagenemnda bygde på spekulasjonar og antakingar. Det verkar ikkje som om dei har gjort ordentlege undersøkingar før dei kom med avgjerdsla si, seier han.
Grunna feilen frå NTNU vart studentane nøydde til å bruke sommaren på å lese til ein eksamen dei allereie hadde tatt. Mork kunne ynskje universitetet hadde handsama saka annleis.
– Den beste måten NTNU kunne handtert dette på ville vera å gje ein ny eksamen til dei som ville, seier han.
Sveinssønn Mork tykkjer også det er merkeleg at klagenemnda sjølv skal vurdere om vedtaket deira er gyldig.
– Eg er redd dei ikkje kjem til å behandle saka ordentleg denne gongen, men heller vil redde andlet og stille seg bak det gamle vedtaket, sjølv om det byggjer på grove saksbehandlingsfeil, seier han.
På elevane si side
Studenttinget har i denne saka arbeidd tett med både studentane og skulen, og tykkjer det er dumt at elevane må lide grunna ein feil frå skulen si side.
– Det me synest er verst er at studentane sit att som den lidande parten, seier fag- og forskingspolitisk nestleiar Jon Mikkel Haugen i Studenttinget.
Han tykkjer det som har skjedd er kritikkverdig, og vonar at leiinga ved NTNU tek det som har skjedd til etterretning.
– Dette viser at dei burde gå gjennom rutinane når det gjeld kvalitetssikring av eksamenar, seier Haugen.
Prorektor for utdanning og læringskvalitet Berit Kjeldstad ved NTNU stadfester at dei kjem til å gå gjennom rutinane rundt dette.
– Det er verkeleg leit det som skjedde, og me går aktivt inn for å hindre at noko liknande skal skje igjen, seier ho.
Ho vonar at dei vil finne ei god løysing for alle partar.
– Me valde å halde ny eksamen så tidleg slik at pensum framleis var ferskt for studentane. Dersom elevane får medhald i klaga si vil dei kunne velje mellom den nye og den gamle karakteren, om ikkje vil dei sitje igjen med den siste, seier Kjeldstad.
Denne artikkelen ble opprinnelig publisert i Under Duskens papirutgave.