KONGEN KJEM: Hans Majestet kong Harald helsar på rektor Torbjørn Digernes, på veg inn til Olavshallen.

Då kongen kom

Hans Majestet kong Harald stråla i ein elles så regnfull Trondheim by i går kveld.

Publisert Sist oppdatert

Klokka 16.00 ankom toget til Hans Majestet kong Harald Trondheim. Turen gjekk deretter til Britannia Hotell, før middag på Erkebispgården ein time etter. Kongen kunne fortelja til Under Dusken at han var nøgd med reisa.

– Eg likar godt å ta tog, det gjev meg moglegheit til å få gjort litt arbeid på turen, også er det ein behageleg måte å reisa på, seier han.

På Erkebispgården blei kong Harald møtt med musikk og feststemte menneskjer.

– Middagen og selskapet på Erkebispgården var det ikkje noko å utsetje på. Eg blir alltid godt tatt i mot her i Trondheim, så Strindens Promenade Orchester var meget flinke å spela, legg kong Harald til.

Jubileumskonsert

Etter middagen på Erkebispgården var det duka for jubileumskonsert i Olavshallen. Artister som Trondheimsolistene, Come Shine, Pelbo, Ann Hou Sæter og Erlend Skomsvoll var nokon av dei som opptrådet. Etter konserten kom ein strålande konge ut i frå salen.

– Kjempebra konsert, verkeleg bra. Ei fin avslutning på ei flott feiring. NTNU har gjort ein god jobb med å utdanna musikkara, smilar han.

Kongen var kun på ein snar visitt, og skulle ta toget heim allereie klokka 23.00.

– No skal eg ta toget heim, tog tar eg slik at eg kan sove på heimreisa. Det blir deiligt å vakne utkvilt heime i Oslo i morgon tidleg. Sjølvsagt kjem eg på besøk til Trondheim igjen, men kvar tid det veit eg ikkje, smilar kongen.

Korleis er det å vera konge?

– Det er fantastisk å vera konge, ler han før han går og set seg i bilen.

Powered by Labrador CMS