FØLAR SEG SNYTT: Lærarstudentane ved HiST er ikkje nøgde med å få vilkåra for utdanninga endra midt i utdanningsløpet. Tysdag møtte dei dekanen til allmøte.

Føler seg lurt av HiST

Lærarstudentar ved HiST fortvilar over at lærarutdanninga er blitt endra utan forvarsel.

Publisert Sist oppdatert

– Me går plutseleg eit studium me ikkje har meldt oss opp på, seier student Emilie Selvåg ved lærarutdanninga til HiST.

Studentane fekk mail før skolestart i 2010 at dei måtte velje to fag samt kva klassetrinn dei ville undervisa i, før dei kunne starta utdanninga. Vidare i mailen sto det at dei to faga dei skulle ha, strakk seg over fire semester, altså to år. Dei skulle velje ytterligare eitt fag tredjeåret og nye fag fjerdeåret. Dette er no plutseleg blitt endra utan at elevane er blitt varsla.

Foto: Emilie SelvågFÅR KRITIKK: Dekan Lasse S. Isaksen er i hardt vær etter at mange lærarstudentar ved HiST no får færre valmoglegheiter.– Me får ikkje velja nye fag tredjeåret, me må fortsetja å ta dei faga me trudde me skulle ha over to år.  Dette fører til at me sit med 60 studiepoeng i fag som blant anna naturfag, religion, samfunnsfag. Fag som i utgangspunktet er nok med 30 studiepoeng for å kunna undervisa i, på det skuletrinnet me har valt, seier Emilie Selvåg.

Dårlegare kompetanse

Studentane meinar at dette fører til at får ei dårlegare utdanning enn blant anna Høyskolen i Oslo og Levanger.

– I staden for at me får ei breiare utdanning med fleire fag, må me spesialisera oss i fag me ikkje vil. Dette førar til at me stiller dårlegare i ein jobbsøkeprosess, meiner lærarstudent Marie Kristin Heide.

Etter mange forsøk på å få svar på kvifor HiST har endra studieløpet, fekk dei endeleg eit møte med Dekan Lasse S. Isaksen på tysdag.

Møte med dekanen

Etter møtet sat studentane med enda fleire spørsmål enn før.

– Me fekk ikkje nokon svar på dei spørsmåla me kom med. Eg føler at skulen ikkje vil samarbeida med oss og opptrer dårleg. Me må bruka pengar og tid på ei lærarutdanning som me ikkje vil ha, seier Marie Kristin Heide.

Dekan Lasse S. Isaksen innrømmer til Under Dusken at informasjonen har vore for dårleg, og at han beklagar det.

– Eg skjønar at det kan oppfattast som frustrerande, seier Isaksen.

Han tilføyer at HiST følgjer reforma som dei er underlagt og den går mot
at det skal vera fordjuping i tre fag.

Powered by Labrador CMS