Foto: Mentz Indergaard/NTNU Info

– Ingen eksplosjon på Gløshaugen

Støv, og ikkje røyk, skal ha utløyst brannalarmen, seier brannvesenet.

Publisert Sist oppdatert

Det var klokka halv tolv i dag at NRK kunne melde at det skulle ha vore ein eksplosjon i ein forsøksovnen i kjemiblokka på Gløshaugen. Leiar Arne Petter Ratvik ved Institutt for materialteknologi avkreftar no dette overfor Under Dusken.

Støvsugar-røyr

– Det som utløysa brannalamen skal vera støv som oppstod i rommet, det har altså ikkje vore noko brann eller eksplosjon, fortel operatør Frank Indergård ved Trøndelag Brann-og redningstjeneste.

Instituttleiar Arne Petter Ratvik seier det var problem med utstyret.

– Det skal ha vore eit røyr til ein støvsugar som sug inn støv i frå lab-rommet, som skal ha sklidd ut. Dette føra til at støvet blei spreia ut i rommet, og utløysa brannalarmen, seier Ratvik.

Det aktuelle laboratoret brukast til framstilling av kjemiske pulver.

Om det er blitt spreidd noko giftig pulver ut i rommet kan ikkje Ratvik seie noko om.

– Eg veit ikkje om det var gift i det støvet som blei spreia. Det må me undersøka før me kan seie noko meir om det.

Ein person kom til skade.

100 personar blei evakuert og ein person er sendt til St.Olavs Hospital for undersøking.

– Det er ikkje så dramatisk som det høyres ut som. Grunnen til at så mange vart evakuert var på grunn av at brannalarmen gjekk. Det er då vanleg prossedyre å evakuera bygget. Han som blei sendt på sjukehuset skal ha hatt nokon branskadar på handa. Eg veit ikkje kvifor han har fått brannskadar, men det kan ha vore fordi han har prøva å få på plass det røyret som har sklidd ut. Det er nemleg veldig varmt, seier Arne Petter Ratvik.

Powered by Labrador CMS