REPRESENTERTE OSLO: Elias, Hamza, Fouad, Rhay og Ghena

Jaktar på det grøne gullet

Unge gründarar jakta iherdig etter berekraftige energiløysingar.

Publisert Sist oppdatert

Denne veka vart Nasjonal Gründercamp arrangert for fjerde år på rad, ein konkurranse for unge gründerar som ynskjer å bidra til framtidas energiløysingar. Nesten 3000 elevar frå vidaregåande skular har deltatt i lokale gründercampar over heile landet, og berre 130 av desse, fordelt på 26 lag gjekk vidare til den nasjonale campen som denne veka fann stad i Trondheim.

Tidspress

Torsdag føremiddag fekk dei 26 laga utdelt oppgåva, og med høgt tidspress gjekk arbeidet fort i gong. Deltakarane fekk 21 timar på å utvikle ei berekraftig energiløysing for framtidige hus, setje opp ein forretningsplan og vise korleis det ville vere lønnsamt. Trass høgt tidspress, lite søvn og mykje arbeid var det mange gode bidrag å sjå på utstillinga fredag.

Gode resultat

Blant alle deltakarane var representantane for Sør-Trøndelag eit av laga som gjekk vidare til delfinalen. Laget som består av fire gutar og ei jente utvikla eit system kalla «Sentral Energieinhet» (EE) som enkelt forklart gir brukaren moglegheit til å eksempelvis styre varmeanlegget i huset etter kvatid du er heime. Ved hjelp av sensorar registrerer det elektroniske anlegget kvatid du vanlegvis er heime, og varmar huset deretter. Med eit slikt tiltak kan ein enkelt spare 12,5 prosent i straumforbruk, noko som tilsvarer å skru ned temperaturen 3 grader i heile huset, døgeret rundt.

– Det er utruleg spanande å få vere med på å skape noko heilt nytt, seier eine deltakaren frå oslo.

Inspirert av fattige

Representantane frå Oslo og Akershus vart inspirert av ein mann frå fattigare kår som ikkje hadde råd til verken lyspære eller straum.

Foto: Hanna-Emilie Kværner, Under DuskenFREMTIDENS ENERGILØSNING?: Bidraget fra Sør-Trøndelag- Han laga hol i taket sitt, fylte ei flaske med vatn og klor, og festa den i taket, halvvegs ute i sola. Når sola skin på flaska blir det eit utruleg sterkt lys, seier Hamza, eine deltakaren på laget.

Laget Frå Oslo ynskjer å videreføre det same konseptet til røyr som kan integreres i hus. På lang sikt håper dei at det skal erstatte all bruk av lyspærer.

Frå vidaregåande til universitetet

Konkurransen er eit samarbeid mellom Enova og Ungt Entrepenørskap der målet er å gi studentar både på vidaregåande- og universitetsnivå sjansen til å vere med på å utvikle berekraftige energiløysingar for framtidige hus og bygningar.

– Me arrangerer også Gründercampar for høgskule- og universitetselevar, seier dagleg leiar ved Ungt Entrepenørskap Trøndelag, Anne Marit Igelsrud.

Avdelingsleiar for energibruk i Enova, Audhild Kvam, uttaler at nyskaping og entrepenørskap er avgjerande for å kunne møte dei energiutfordringane me står ovanfor, både nasjonalt og internasjonalt. Løysingane ungdommane kjem fram til imponerer kvart år, dei tenkjer annleis enn oss vaksne.

Powered by Labrador CMS