
Leikestove i Storsalen
Pirum sjarmerte publikum med song og underhaldning.
UKEsjef Torgier Bryge Ødegården leita fram dei gode orda og kalla årets Pirumutgåve for tidenes Pirum etter konserten fredags kveld, og det til stor jubel frå ein fullsatt Storsal. Allereie ved innmarsjen var det tydeleg at dei syngande karane hadde publikum i si hule hand, og ein gjeng på fremste rad var så ihuga fans at dei leverte ståande applaus etter kvart einaste nummer.
Ein konsert med Pirum er meir enn berre ein konsert. I tillegg til song utfaldar koret seg i småprating med publikum, skodespel og artige filmsnuttar. I opningsvideoen våga dei seg til og med til å makulere ei utgåve av Under Dusken, og det spørs om ikkje dette stuntet kan ha falle vår utsendte tungt for hjartet.
Les vurderinga av Pirum sin konsert i papirutgåva på tysdag.