
Liten utanpå, stor inni
Blant mange store og veletablerte bedriftsdagar skiljer Eurêka seg ut, både i størrelse og mangfald.
Eurêka er ein bedriftsdag særleg retta mot sivilingeniørstudia i matte og fysikk, og i førre veke vart den arrangert for andre år på rad. Samanlikna med andre bedriftsdagar som ofte har opp mot hundre deltakande bedrifter, står Eurêka i klår kontrast med berre åtte deltakarar. Det kan fort framstå som litt i minste laget, men i følgje leiaren bak arrangementet, Hager Debech, er dette utan tvil ein fordel.
–Med berre åtte deltakarar blir bedriftane meir synlege, det blir mindre konkurranse og meir tid til å prate med studentane. På store bedriftsdagar veljer studentane ofte å gå innom flest mogleg bedrifter berre for å få gratis materiell, men hos oss tek dei seg heller tid til å prate, og kanskje til og med levere søknad, seier Debech.
Kvifor vere stor når ein er lykkeleg som liten?
Med så mange store, veletablerte bedriftsdagar på marknaden er det ikkje berre å trylle fram ein ny. Debech fortel at det ligg mykje arbeid bak, og at dei har møtt fleire utfordringar langs vegen.
–Når me ringde rundt for å invitere bedrifter til Eurêka var det fleire som takka nei då dei allereie hadde dei store dagane på lista, seier Debech.
Likevel har Eurêka klart å etablere seg som ein eigen, spesialisert bedriftsdag, blant mange store og vidtdekkjande bedriftsdagar.
– Eg trur at grunnen til at me har fått dette til er fordi me har fått bedriftene til å forstå kor viktig det er å delta på små bedriftsdagar, akkurat fordi ein får mykje betre tid til studentane, seier Debech.
Arrangørane bak den ferske bedriftsdagen føretrekk å ha færre bedriftar og god service framfor ein jungel med bedriftar som druknar i mengda.
– Me ynskjer at Eurêka skal vere kjend for god service og oppfølging. Me er opptekne av å gi studentane og bedriftane gode erfaringar, seier Debech.
Betre kontakt
– På dei større bedriftsdagane druknar enkeltbedriftane i mengda, men på Eurêka blir dei sett og lagt merke til, seier Torstein Penne som studerer fysikk og matematikk ved NTNU.
Den ferske bedriftsdagen er med på å auke kontakta mellom bedrift og student.
– Samanlikna med dei større bedriftsdagane får eg mykje meir ut av Eurêka. Hovudårsaka til det er at ein får mykje betre kontakt med bedriftene enn ein ellers ville gjort, seier Magnus Valle Dahl som også studerer fysikk og matematikk ved NTNU.
Thorbjørn Sæther frå bedriften Steria kan fortelje om gode erfaringar frå Eurêka i fjor:
– I fjor fekk me fleire inn på intervju, noko som resulterte i fleire fast ansatte. Me har alt fått fleire kandidatar til intervju i dag, og håper sjølvsagt på like gode resultat i år, seier Sæther.