LUKA vil gje deg ein forsmak på UKA

Ølkurs, speed-dating og silent disco er berre nokre av godbitane Samfundet kan lokke med på den nye minifestivalen.

Publisert Sist oppdatert

Frå 4. til 7. oktober har alle moglegheita til få oppleve ei helg utanom det vanlege. Då vert det nemleg for første gong arrangert LUKA, ein minifestival som går over fire dagar.

– Programmet er ei blanding av kunstneriske innslag frå interne gjengar og artistar utanfor Samfundets runde veggar. Det skal innehalde noko for alle, og me har også fokusert på å tilby dei arrangementa me veit er populære under UKA, seier presseansvarleg ved Studentersamfundet i Trondhjem, Morten Ansteensen.

I programmet finn ein kjente og populære konsept som ølkurs og speed-dating, men også nye som «Vinyl og Whiskey» og Nintendo lounge. I tillegg vil ein finne Lars Vaular saman med A-laget og Jonas V. på scena i storsalen laurdag kveld.

Minifestival

LUKA står for lilleUKA, og er eit samarbeid mellom Samfundet og UKA.

– Ønsket er å fylle det mørke tomrommet mellom to UKEår med noko, seier Ansteensen.

Sjølve idéen kom frå ein funksjonær i Laurdagskomitéen under eit allmøte.

– Bakgrunnen for forslaget var at me ville tilby studentane eit nytt og spanande konsept i tillegg til at me ønska å styrke erfaringsoverføringa mellom Samfundet og UKA, seier Ansteensen.

Sidan vokste engasjementet rundt forslaget, og dei vart enige om at det absolutt var noko dei ønska å gjennomføre.

Positivt innslag

Kor vidt dette blir eit fast arrangemet er ikkje bestemd enno.

– Som alle andre festivalaktørar er me avhengige av gjennomføringa det første året. Det viktigaste er at både publikum og me som arbeidar på Samfundet har det kjekt under LUKA for å vurdere om dette skal arrangerast igjen, seier Ansteensen.

Gjengsjef i Laurdagskomitéen André Keane er positiv til den nye festivalen og vonar at dette kjem til å bli eit fast innslag i åra framover.

– Personleg har eg eit ynskje om at dette skal bli ein fast minifestival i partalsår, både for å minne studentane om at me er tilstades, og at me er klare for å ta ei utfordring, seier Keane.

Han tykkjer det å arrangere noko nytt og spanande som Samfundet tradisjonelt ikkje plar å ha på programmet er viktig.****

Powered by Labrador CMS