DAGEN DERPÅ: Ett år etter banketten for Studentlekene 2010 er det klart at kostnaden for festen ble vel høy. – Det som skjedde, skjedde, men man skulle helt klart ha vært det foruten, sier avgått NTNUI-leder Sjur Øyen.

NTNU skjerpar alkoholreglane

Leiinga ved NTNU har sett seg leie på alkoholbruken blant studentane på skuleområdet. No går dei hardare til verks for å få bukt med problema.

Publisert Sist oppdatert

Det føregår ein del ureglementer drikking på NTNU sine campuser, særleg ved studiestart. Frå og med i haust går NTNU inn for å handheve alkoholrelementet strengare enn før.

– Ifølgje norsk lov er det ikkje lov å nytta alkohol i offentlege uteområder og fellesareal, noko me må forholde oss til, forklarer Jørn-Wiggo Bergquist, avdelingsdirektør i driftsavdelinga ved NTNU .

Fryktar drikking

Han fortel at det gjentekne gongar har blitt observert studentar med alkohol på skuleområder der det ikkje er tillatt, noko fleire tilsette har reagert på.

– Det medfører jo ein del støy og uro, og til tider har dette vore eit problem, seier Bergquist.

Han fryktar at drikking på campus skal føre til auka drikkepress blant studentane, og er særleg bekymra for studentar frå andre land.

– Me har mange utvekslingsstudentar å vise hensyn til, seier Bergquist.

Bergquist er klår på at målet med endringa ikkje er å begrense handlingsfridomen til studentane, men å auke sikkerheita.

– Den einaste store endringa er at bygningsansvarleg alltid skal varslast om arrangement, sjølv om det er snakk om lukka områder og møterom, avsluttar Bergquist.

Powered by Labrador CMS