Arkivfoto

Ny boligbevilgning til Trondheim

Studentsamskipnaden i Trondheim (SiT) får statsstøtte til å bygge 130 nye studentboligar.

Publisert Sist oppdatert

I førre veke kunngjorde Kunnskapsdepartementet at SiT får statsstøtte til å bygge 130 nye studentboligar. Samanlagt med det tilskotet SiT mottok til bygging av nye hyblar i fjor, betyr dette at pengane til ein tredjedel av den planlagte Lerkendal studentby er i boks.

220 av 612

Den nye studentbyen skal etter planen byggjast på den ledige tomta vest for Lerkendal stadion, og skal innehalde 612 hyblar fordelt på seks boligblokker. Tross tilskotet manglar det framleis statsstøtte til nesten 400 hyblar.

– Me manglar framleis støtte til ein god del av dei planlagde 612 hyblane på Nye Lerkendal, og me forventar difor at regjeringa følgjer opp med meir pengar neste år, seier direktør i SiT Knut Solberg i deira nyheitsbrev.

Sjølv om det framleis manglar støtte til ein del hyblar er styreleiar i SiT, Gunhild Foss Heggem, nøgd med årets tildeling.

– Me er nøgde med årets tildeling, men me vil jo alltid ha meir. Me håper på å få prosjektet fullfinansiert etter kvart, men i første omgang er det viktig å vise at me kan realisere prosjektet, seier Heggem.

Byrjer så snart som råd

Byggeprosjektet er eit samarbeid mellom Skanska og SiT som vart inngått i november 2010. Sidan då har prosjektet utvikla seg frå ein opprinneleg intensjon på 500 hyblar til dagens 612. For augeblikket arbeides det med ein dispensasjonssøknad frå gjeldande reguleringsplan og det utvendige uttrykket på studentbyen, og dersom alt går som det skal kan byggeprosjektet allereie gå i gong i slutten av første kvartal i år.

Powered by Labrador CMS