Ny student i Trondheim?

 

I ein ny og framand by er det ikkje alltid like enkelt å orientere seg, og ein kan lett rote seg vekk i mylderet av ny informasjon. Her er nokre tips som kan hjelpe deg på vegen.

Publisert Sist oppdatert

Før du byrjar

I dei ledige pusteromma i løpet av fadderveka kan det vere lurt å få på plass nokre praktiske ting. Først og fremst er det viktig å betale semesteravgift, studielånet kjem nemleg ikkje på konto før det er gjort. Sidan kan det vere lurt å melde seg opp til eksamen og kjøpe bøker, dersom du mellom basketaka ynskjer å studere. Sjølve bokhandlinga blir fort ein dyr affære, difor løner det seg ofte å kjøpe brukt eller bestille på nett. Vi anbefaler også å bytte fastlege då ein oppheld seg mesteparten av året i Trondheim.

SiT

Studentsamskipnaden i Trondheim (SiT) er eit av dei viktigaste hjelpeorgana me studentar har, og er der for å gjere studietida så problemfri og effektiv som mogleg. Anten du treng hybel, barnehageplass eller ynskjer å trene for ein rimeleg pris er SiT staden å oppsøke. I tillegg tilbyr dei kurs for å meste studenttilværinga, og skulle du vere så uheldig å bli sjuk betaler dei også inntil 6000 kroner tilbake for helseutgifter.

NTNUI

Norges teknisk-naturvitskaplege universitets idrettsforeining (NTNUI) har meir enn 12.000 medlemmer og over 50 ulike aktivitetar å velje mellom, og er med det Noregs største og mest allsidige idrettsforeining. Her kan ein drive med alt frå badminton og amerikansk fotball til sjonglering og håndbak. For å kunne delta må du vere medlem av NTNUI kor heilårsmedlemskap kostar 1050, medan eit halvtårsmedlemskap kostar 600.

Velferdstinget

Velferdstinget er samansett av 17 velde representantar frå dei ulike utdanningsinstitusjonane i Trondheim, og oppgåva deira er å ivareta og betre velferdstilbodet for studentane. Dei som vert valt inn skal representere studentane og velje kva slags velferdsordningar studentane ynskjer, kor mykje semesteravgift me må betale, og ikkje minst kva semesteravgifta skal brukast til. Eit av tilboda dei har er boligassistansen StudBud der du kan få ein assistent til å gå på visning for deg dersom du ikkje befinn deg i byen.

Sist, men ikkje minst

Det er viktig å også ha det kjekt i studenttilværinga, og heldigvis har Trondheim mykje å by på. Som frivilleg på Studentersamfundet er moglegheitane mange, og ein kan for eksempel synge i kor, drive med marknadsføring eller vere med å arrangere konsertar. Ein kan også engasjere seg som frivilleg i linjeforeiningar eller i politiske organisasjonar. Kanskje kunne du tenkt deg noko heilt anna? I neste nummer av Under Dusken kan du lese meir om livet som frivilleg i Trondheim. 

Powered by Labrador CMS