– Tungt fokus på kvalitetsbetring
Helse- og Omsorgsdepartementet meiner praksisdelen av studiet allereie fokuserer tungt på organisering, kommunikasjon og kvalitetsbetring.
Statssekretær Robin Kåss i Helse- og Omsorgsdepartementet stiller seg uforståande til påstandane frå studentane om at helsevesenet er eit tungrodd system lite ope for kritikk.
– Inntrykket mitt er at helsetenesta i hovudsak er open og positiv med tanke på å skapa ein forbetringskultur og eit best mogleg helsetilbod til pasientane, seier Kåss.
Han legg til at dersom dette av nokre vert oppfatta annleis, er det noko som må takast opp.
Kåss erkjenner at sjukehusa framleis har ein del å læra når det gjeld å følgja opp uønska hendingar. Men han legg til at ein rapport frå Kunnskapssenteret tyder på at det skjer ei gradvis betring i meldekulturen ved norske sjukehus.
– Systematisk arbeid med å forbetra kvalitet og arbeid med pasienttryggleik har fokus både i departementet og i dei regionale helseføretaka, seier han.
Studentane si framstilling av at dei lærer for lite om organisering, kommunikasjon og kvalitetsbetring på studia sine, kjenner ikkje Kåss seg att i. Han meiner tvert imot at dette er noko særleg praksisdelen av studiet gjev mykje kunnskap om.
– Men det er fint at studentane engasjerer seg i dette. Studentane må tora å seia ifrå, og verta oppmuntra til å koma med innspel til forbetringar, seier Kåss.