UKA-11-sjef Tore Lie Falkenberg orienterte Samfundets medlemmar om saka i kveld.

UKA-11 svindla for over fire millionar

Norsk bookingselskap underslo pengar etter heving av Kanye West-kontrakt.

Publisert Sist oppdatert

Februar 2011 ga UKA 11 eit bud på artisten Kanye West gjennom den norske agenten A/C Circus AS. Bestillinga var under forutsetning av at Kanye West kun spelte to konsertar i Noreg i 2011. Bodet og betingelsane vart akseptert, og pengane overført til ein sperra konto hos den amerikanske agenten William Morris Endeavor. Den 6. April 2011 slapp Øyafestivalen og Bergen Calling Kanye West for to opptredenar i Noreg i løpet av 2011, noko som ikkje var i samsvar med avtala UKA hadde inngått. Som eit resultat av dette valde UKA å heve kontrakta då dei ikkje lenger hadde eksklusivitet på den amerikanske artisten. Hevingsretta vart ikkje bestridt, og det vart avtalt at honoraret skulle overføres til UKA. Dette skriv UKA i ei pressemelding.

Ante ugler i mosen

Honoraret vart ikkje tilbakebetalt til avtalt tid. UKA var raske med å engasjere advokat for å få sikkerheit for honoraret. Det viste seg at selskapet hadde underslått beløpet for å betale gammel gjeld. Siktede har innrømma straffskuld.

– Fire millionar er ein del pengar. Ein lurer ikkje Samfundet ustraffa, seier leiar Dag Herrem av finansstyret ved Samfundet.

Manglar 700 000

UKA har etter forhandlingar i Oslo tingrett fått tilbakebetalt det meste av dei fire millionane som agenten bak selskapet A/C Circus underslo. 700 000 kroner står igjen, og desse har siktede tatt personleg gjeldsansvar for. UKA skriv at dei ikkje vil gi seg før dei har fått tilbakebetalt heile summen. Samfundet og UKA går no inn for å endre reglane og rutinene rundt booking og betaling av artistar.

– Me ynskjer ikkje å utsetje oss for unødvendig risiko med forhåndsbetaling til artistar og liknande. Difor kjem UKA og Samfundet til å endre sine rutiner rundt booking. Me vil ikkje gå på ein smell igjen, seier Herrem.

Les meir om saka i siste nummer av Under Dusken.

Powered by Labrador CMS