
Veldedigheitsløp for Sjukehusklovnane
På torsdag skal nærare 250 studentar springe frå Gløshaugen til sentrum. Målet er å samle inn pengar til klovnane ved St. Olavs Hospital.
– I fleire år har sjukehusklovnane bidrege med positive opplevingar og pusterom for born som har det vanskeleg. På St. Olavs Hospital er det framleis eit pilotprosjekt, difor ynskjer me å bidra, seier leiaren bak Klovneløpet, Synnøve Dalen.
Klovneløpet er eit veldedigheitsløp der heile inntekta dedikeres til Sjukehusklovnane ved St. Olavs Hospital. Bak arrangementet står Emil, linjeforeninga for energi og miljø ved NTNU, med eit ønske om å gi noko tilbake til byen dei elskar.
– Det heile starta ein vinterdag i fjor, me var ein liten gjeng som åt graut og plutseleg dukka idéen til eit klovneløp opp. Sidan byrja ballen å rulle, og no er løpet rett rundt hjørnet, seier Dalen.
Målsetjinga med løpet er at 250 studentar skal delta, og at dei sit igjen med eit betydeleg overskot som går direkte til Sjukehusklovnane. Dalen fortel at det har vore enormt engasjement rundt arrangementet, og trur dei kjem til å nå målsetjinga utan problem.
– Samarbeidspartnaren vår Multiconsult gir oss 300 kroner per person som deltek, noko som er utruleg bra, seier Dalen.
Sjølve løpet vil bli sett i gong på plenen bak hovudbygget på Gløshaugen torsdag klokka tolv, og deltakarane må belage seg på ein real joggetur til sentrum. tillegg til løpet vert det også arrangert linjestafett og eit løp for borna som vil føregå på formiddagen.
––
Student-TV var med på løpet, se innslaget her.