
Vil bygge dobbelt så mange studentboligar
Kampen om studentboligane blir stadig større. No ynskjer dei raudgrøne å doble antall nye studentboligar i året.
– Boligsituasjonen for studentane er ikkje holdbar. Staten må stille med friske millionar for å byggje flere studentboligar, seier stortingsrepresentant Håkon Haugli (Ap) til Klassekampen.
Haugli føreslår å auke antallet nye studentboligar i Noreg, finansiert av staten, frå 1000 til 2000 i året, noko kunnskapsminister Kristin Halvorsen tok til orde for tidlegare i sommar. Han ynskjer også å auke prosentandelen av rekninga staten tek, som for augeblikket er 33 prosent.
– Det viktigaste staten kan gjere er å auke tilskotsgrada. Då vil det bli mogleg for studentsamskipnadene å realisere langt fleire prosjekter enn ein kan i dag, seier Haugli.
Han ynskjer ikkje å gå ut med kor mykje meir av rekninga staten skal ta, men norsk Studentorganisasjon krevjer at staten bør auke tilskotet for nye prosjekt til 50 prosent, noko som vil koste omlag 120 millionar i året.
Positivt tilskot
Konsernstyreleiar Amund Aarvelta i Studentsamskipnaden i Trondheim (SiT) tykkjer dette er eit positivt forslag.
– Desto høgare tilskot me får per studentbolig, desto lågare husleige får studentane. Dersom staten aukar tilskotet til 50 prosent vil det bidra til å realisere fleire studentboligar med ein lågare husleige for studentane, seier Aarvelta.
Boligdirektør Terje Bostad i SiT er også svært positiv til dette.
– Dersom regjeringa doblar den offentlege støtta opnar det seg mange moglegheitar for oss, seier Bostad.
SiT har eit tett samarbeid med kommunen og utdanningsinstitusjonane, og dei siste åra har dei gjort store byks når det gjeld bygging av studentboligar.
– Me er i stand til å byggje mange studentboligar på relativt kort tid, og dersom me får tilskot byggjer me gjerne fleire, seier Bostad.