
Catchy glitterkjeft
Nyskapande og eksperimentell. St. Vincent innfridde høge forventningar.
Nokon har skildra ho som ein kvinneleg Jack White. På Elvescena under Pstereo 2014 synte Anne Erin «Annie» Clark, betre kjent under scenenamnet St. Vincent, at påstanden er rett. Makan til nyskapande, eksperimentell lyd skal me leite lenge etter.
Ballet vart opna med fyrste sporet frå siste skiva, «Rattlesnake». Allereie her syner ho sine nærast utanomjordiske gitarferdigheiter. Ho bryt ut i ville og råe utfaldingar på gitaren, med brei beinstilling og svimlande hovudkast. Samstundes blir ho verande i rolla som robot, der ho trippar over scena med museskritt og presise armrøyrsler. Ei jamnt over kul greie. Kvar røyrsle er kontrollert og bestemt. Ingenting, verken vokal eller instrumental var overlatt til tilfeldigheitane.
Godbetar frå St. Vincent kom som perler på snor. Nokre av høgdepunkta var «Birth In Reverse» og «Digital Witness». Fyrstnemnde med den geniale opninga «Oh, what an ordinary day/take out the garbage, masturbate» er heilt rå. Utan for mykje snakking mellom låtene var fokuset hennar retta mot det som er viktig, nemleg musikken. Den som blei skuffa over at London Grammar meldte avbod fekk erstatning i både pose og sekk. Med dette storfine besøket frå statane innfridde Pstereo og me bukkar takknemleg for ei nydeleg booking.