Vurderer maksgrense på sju timar gratis advokat
Regjeringa har føreslege å stramma inn gratisordninga for advokathjelp til studentar. Om forslaget vert vedteke av Stortinget, vil regelen gjelda allereie frå august.
I ei pressemelding frå regjeringa heiter det at studentar som vert utestengde frå studia, til dømes ved fusk, i dag har rett til å få dekt advokatutgifter av institusjonen. Regjeringa meiner det bør vera ei maksgrense for dekning av advokatutgifter.
– Studentane si rettstryggleik skal takast vare på, og dei skal framleis få advokathjelp i alle instansar, men ordninga må verta meir treffsikker og kostnadseffektiv, seier forsking- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) i ei pressemelding på regjeringa si nettside.
Vidare seier ho at dagens ordning er for dyr, og at det vert ført ein del saker for retten som ikkje alltid er i studentane si interesse.
Optimistisk innstilt til endringsforslaget
Anne Marie Snekvik er seniorrådgjevar og jurist for seksjon for utdanningskvalitet og læringsmiljø ved NTNU. Ho forklarar at studentar som vert mistenkte for fusk, kan få eksamen annullert og verta utestengde frå alle studium i inntil eitt år.
– Om det vert føreslege overfor nemnda at studenten skal utestengast, har studenten rett til å få dekt naudsynte og rimelege utgifter til advokat. Studenten har òg mogleik til å møta i nemnda når dei skal behandla saka hens.
Ho fortel vidare at forslaget til lovendring går ut på at det skal setjast ei maksgrense for kor mange timar advokathjelp studenten kan få dekt.
– Kunnskapsdepartementet har føreslege at dette skal setjast til maksimalt sju timer. Om studentar reiser søksmål for domstolane, er det føreslege at maksimal dekning vil vera på 32 timar.
Seinast i dag skreiv Universitetsavisa at i løpet av dei første tre månadane i 2026 har 13 studentar vorte tekne i juks, og fleirtalet for bruk av KI.
– Etter vår meining vil dette sikra rettssikkerheita for studentar i fuskesaker, ogso i saker om eventuell urettmessig bruk av generativ KI, seier Snekvik.
Ho meiner at ei maksgrense på antal dekte advokattimar vil vere meir i samsvar med offentlige advokatutgifter i andre saker av stor velferdsmessig tyding. Ho seier det ogso er viktig å vera klar over at det ikkje kun er retten til å få dekt advokatutgifter som avgjer studentars rettssikkerheit.
Saksbehandlinga skal følgja reglane for saksbehandling i det offentlege. Her har ein rett til å uttala seg, å ha innsyn i dokumenta i saka og grundig førebuing. Sakene skal òg behandlast i ei nemnd der det er studentrepresentantar. Dette er viktig for rettssikkerheita, seier ho.
Vidare informerer ho om at universitet og høgskular skal ha studentombod som kan gje studentane råd og hjelp i saker. Desse er uavhengige og gratis for studentane å nytta.
Mest kritiske til at studentombodet har éin tilsett
Ole Marcelius Sivertsen er nestleiar i Studenttinget NTNU og ser ikkje negativt på endringsforslaget.
– Me i studenttinget er ikkje i utgangspunktet veldig kritiske til endringa, so lenge det ikkje vert sett til altfor få timar.
Når det gjeld rettssikkerheita til studentane, er dei, ifølgje Sivertsen, mest kritiske til kor lågt bemanna Studentombodet er. Det er nemleg kun éin mann som er tilsett der.
– For å sikra rettstryggleiken til studentane vil me først og fremst fokusera på at Studentombodet treng fleire ressursar.
Dersom lovendringane vert vedtekne av Stortinget, vil dei etter planen gjelda frå 1. august 2026, står det i pressemeldinga frå regjeringa.