Student eller sikkerheitsrisiko
Studentar med iransk bakgrunn har sidan revolusjonen i 1979 møtt diskriminering. 28. februar 2026 opna USA og Israel ein væpna konflikt mot Iran.
Elham Zahraee studerer historie ved NTNU. Foreldra hennar har sjølv levd under regimet og drog frå Iran i 1998 som politiske flyktningar.
Ho stiller seg kritisk til det sitjande styret i Iran, men ser framleis ikkje på den pågåande konflikten som noko positivt.
– USA går inn militært av økonomiske grunnar. Det er kapitalisme, ikkje fredsarbeid, seier Zahraee.
Ho meiner at sidan mange iranarar har hylla drapet på Ali Khamenei, har det vorte lett å avbilde USA som helten. Samstundes bombar USA den iranske sivilbefolkninga.
Motkandidat og sjahen sin son, Reza Pahlavi II, har vore positiv til den vestlege innblandinga i Iran. Han har vorte hylla som ein kandidat som står for frie val.
– Begge sider held fram med barnemord og er kvinneundertrykkjande.
Det er ingen gode kandidatar, meiner Zahraee. Ho meiner det er viktig å presisere at berre fordi ein er imot regimet, treng ikkje det tyde at ein må støtte sjahen sin son.
– Krig fører sjeldan til eit mildare regime
Professor Jo Jakobsen i statsvitskap ved NTNU er ekspert på internasjonal politikk. Han forklarer at eitt av måla frå USA si side har vore å leggje til rette for ei regimeendring i Iran.
– USA ønskja å bombe og øydeleggje såpass mykje av statsstrukturen og militære styrkar at folket på eitt eller anna vis skulle gripe makta, seier Jakobsen.
Han er likevel kritisk til om ein slik strategi vil føre fram.
– Det iranske regimet har brukt 47 år på å byggje opp institusjonar og mekanismar som gjer at dei overlever. Samstundes er det stor lojalitet internt i regimet, fortel Jakobsen.
Han fortel at også andre ekspertar hevdar at eit regimeskifte vil vere heilt urealistisk.
– Skal du ha regimeskifte, så skjer det gjerne i andre historiske settingar.
Jakobsen meiner at eit regimeskifte ikkje treng føre til ei endring i positiv forstand, heller tvert imot.
– I det Iran kjem ut av krigen, så vil nok ting strammast enda meir inn, og ein får eit hardare leiarskap både politisk og militært.
Han legg til at dette kjem av at krig ofte fører til auka patriotisme og mindre rom for open kritikk.
– Å vere regimemotstandar under ein krig vil verte rekna som forræderi av mange, fortel Jakobsen.
Ser barnehagar verte bomba på skjerm
Student Zahraee fortel at det er mange iranske studentar i Noreg som har familie i Iran.
– For dei vert konflikten reell, ikkje berre noko ein ser på ein skjerm, legg ho til.
Ho har sett fleire innlegg på sosiale medium som tøyser med konflikten og den aktive bombinga.
– Det vert skapt ein distanse mellom det som dukkar opp på skjermen og den reelle situasjonen, ytrar Zahraee.
Ho fortel at iranarar ofte dannar tette fellesskap, og at sjølv om ein ikkje har familie som er direkte ramma, har ein ofte vener som sit fortvila og ventar på å høyre frå sine nære.
– Det kan gå mange dagar til ein får kontakt, samstundes som ein får vete om enda ein barnehage som har vorte bomba, fortel Zahraee.
Å vere fødd som sikkerheitsrisiko
Studentar og arbeidarar med iransk bakgrunn har lenge vorte utsette for andre reglar enn nordmenn flest. Zahraee fortel at ho har kjenningar som er ingeniørar, som vert nekta arbeid i prosjekt på grunn av bakgrunnen deira.
– Me vert sett på som ein risiko. Me vart fortald ved opptak til førstegongstenesta at sjølv om me ville, så var det usannsynleg at me kom til å verte tekne opp, seier Zahraee.
Zahraee føler det vert feil å skjere alle iranarar over éin kam. Ho påpeiker at det finst fleire millionar iranarar, men at det kun er eit fåtal av dei som jobbar for regimet.
Statsvitar Jo Jakobsen fortel at denne skepsisen kan ramme heilt uskyldige enkeltindivid.
– Iranske myndigheiter ønskjer tilgang på sensitiv informasjon. Vissa om dette gjer det utfordrande for norske myndigheiter å behandle iranske studentar og akademikarar som enkeltindivid, seier Jakobsen.
Han fortel videre at Iran ønskjer å presse ned regimemotstandere, og at dei går hardt til verks for å oppretthalde kontroll.
– Iranske studenter kan oppleve, og har nok også opplevd press og truslar som dreiar seg om familien deira i Iran, ytrar Jakobsen.
– Det hjelper å spørje «går det bra?»
Det kan vere vanskeleg å vete kva ein skal gjere i møte med katastrofale hendingar. Zahraee meiner det er viktig å faktasjekke det ein får opp på sosiale medium, spesielt når store, redaktørstyrte medium også gjev stridande meiningar.
Ho opplever at det kan vere vanskeleg å setje seg inn i kor grusom situasjonen er.
– Eg kjenner ei skyldkjensle for å verte skåna frå konflikten som no rammar folket mitt, seier ho.
Zahraee fortel at sjølv eit lite spørsmål kan ha stor betydning.
– Eg set veldig stor pris på når veninner spør om det går bra med meg og familien min.