Daughter - Not To Disappear

Mørk og vakker oppfølgjar av indie folk trioen.

Publisert Sist oppdatert

Låta «Youth» av britiske Daughter fekk deg til å verkeleg elske Widerøe-reklamen med bestefaren og det magiske flytrikset han framførde for barnebarnet sitt. Leit gjerne fram videoen på internettmaskina di for å mimre ei kort stund. Deretter bør du sette på deira nye album Not To Disappear, slå av lyset, legge deg på senga og berre nyte. Det opnar med «New Ways», trommene er iskalde, stemma er like mjuk og sår som me kjenner ho frå før av. Og så den gitaren. Den har blitt vaksen og sint, den borar seg inn i heile deg og blir der. Likegyldigheita er gjennomtrengande då me får repetert «I need new ways to waste my time».

Daughter verkar også like triste som på debutplata If You Leave frå 2013, tema som tap og einsemd går att. Spesielt vondt gjer det i den fyrste singelen «Doing the Right Thing» som visstnok tar for seg følgjene for eit menneske med Alzheimer’s sjukdom og kor vidt ein som pårørande skal realitetsorientere vedkomande eller ikkje. Eit spenstig tema som meget sjeldan får merksemd i musikkverda, men som mange kan relatere seg til. Nytt av året er tendensane til aggressivitet, og tekstane er enda meir ærlege. Vokalist Elena Tonra prøver ikkje å skjule nokon ting, som i «No Care» der ho nærmast spyttar ut orda, ord i avsky retta mot seg sjølv sidan det er hennar feil at dette forholdet absolutt ikkje fungerer.

Ja, dei kjipe kjenslene dukkar opp som perler på ei snor, men likevel er det så utruleg vakkert! Samstundes kan den som forelska seg totalt i dei fyrste EP-ane til Daughter frå 2011 kanskje bli skuffa av denne andre fullengdaren. Det fullstendig sarte og nedstrippa lydbiletet frå den gong finn du ikkje mykje igjen av. Men dette nye, modne uttrykket og den tilsynelatande «me gjer faen»-haldninga funker; Daughter leverer bra. Faen at dei ikkje kjem til Norge i denne omgong.

Powered by Labrador CMS