
Ein Motorpsychodelisk storkveld
Det klør på nytt i hippiepølsene til Motorpsycho i følgje dei sjølve. Det fekk publikum nyte godt av på laurdag kveld.
Det var eit vidt spekter av menneske som tok turen til Byscena i Trondheim i går. Her kunne den tjueårige hipsteren med bart og semska skinnjakke observerast. Den opprinnlege hipsteren i 50-åra var sjølvsagt også til stades, han med langt hår og høge vikar. Dama til sistnemnde var der, samt ho som sto framst og veiva med armar og øl. Og alle der i mellom. Det var duka for ein variert musikalsk aften med Trondheims store sønner, nemleg Motorpsycho.
Dette skulle bli ein kveld utanom det vanlege. Bandet meldte sin ankomst allereie kl 21.15 og presise var dei. På minuttet kvart over 9 sat dei klare på scena. Ja, du las rett, dei sat, for med kassegitarane solid plassert over knea skulle akkustiske tonar snart fylle rommet.
Kassegitarane, mandolinen og banjoen, som eigentleg for ut døra med tidlegare bandmedlem Håkon Gebhardt tidleg på 2000-talet, var atter teke inn i varmen i denne anledning. Med seg hadde dei gjesteartist Reine Fiske, kjend frå The Amazing og Dunge. Han bidrar også sterkt på den siste plata til Motorpsycho, Still Life With Eggplant. Saman skulle dei spele eit fullverdig, akkustisk sett for oss.
Lyset var gulraudt og varmt, lydbildet var totalt nedstrippa og behageleg. Lydar frå gitarane og den enkle stemma til Bent Sæther breia seg om oss. Det kjentes magisk å vere til stades.
På tredje låt ut sto jubelen i taket. Det var ein av dei fyrste dei spelte inn, kunne frontfigur Hans Magnus «Snah» Ryan fortelje. Den blei spelt inn på studentradioen og handlar om eit dårleg fotballag. Søte orgellydar nådde øyrene våre og me fekk servert ein herlig versjon av «Coventry Boy». Publikum var i ekstase. Enda deiligare blei det då dei lystige tonane til «Waiting For The One» dansa ut av høgtalarane, allsangstemninga var med dette på topp.
Fyrste sett var over og ein pause på tre kvarter fulgte. Sugarfoot, vener av gutane i Motorpsycho og også travarar i folk/psychedelisk utfalding, underhelt i mellomtida. Det heile var eit litt rart konsept, men la gå. Det gav rom for å konsumere meir øl og gjere seg klar for neste sett, som skulle bli høgelektrisk.
Her blei me presentert for heilt nytt materiale som er venta på neste album, samt ein del frå det siste albumet som kom ut tidlegare i år. Langdryge sekvensar der trommis Kenneth Kapstad gav alt og litt til, prega settet. Ein blei fleire gonger lurt til å tru at låta var over, før det atter brøyt ut i nye, breiare avslutningar.
Avslutninga kom for alvor med «The Nerve Tattoo» frå legendariske Blissard, i kombinasjon med refrenget til «Waiting For The One», som ein aldri kan få nok av. Ein uskuldig, liten moshpit braut ut blant nokre av publikummarane. Den gode, sveitte, glade stemninga var til å ta og føle på.
Konserten blei av ein begeistra publikummar skildra som «historisk». Utruleg sterk var den iallefall. Solide varer levert av eit stadig solid Motorpsycho. Ein flott førjulsfest.