Ein spøkelsesby utan spøkelse

Me slo av ein prat med Casper Clausen frå Efterklang. Han fortel om reisa til Svalbard og om retningen bandet no skal ta.

Publisert Sist oppdatert

Ein høg, tynn skapning i mørk overdel og kvite bukser kjem slentrande mot oss. På jovialt vis presenterer han seg som Casper Clausen, og fortel at han er tilbake om ti minutt, etter ein lydsjekk. Me ventar i Klubben, og etter kvart kjem han tilbake. Han byrjar fortelje om Efterklang sitt siste album, Piramida, som er inspirert av ei reise til Pyramiden, ein gamal liten gruveby ved Spitsbergen på Svalbard.

Fakta

  • Efterklang er eit dansk band som har gitt ut fire studioalbum sidan 2004.
  • I august 2011 reiste dei til Svalbard og tok lydopptak til bruk i 2012-albumet «Piramida».
  • Turen gjekk til ein gamal russisk gruveby med namn Pyramiden som ligg ved Spitsbergen.
  • Gruvebyen var i drift frå 70-talet til slutten av 90-talet i regi av det russiske firmaet Arkitugol.
  • Efterklang spelar sin siste konsert saman som Dråpe i Sønderborg, Danmark 26. februar.

– Kolgruvene ligg ved eit stort fjell som har gitt namn til staden, fordi det er forma som ein pyramide, fortel han.

Stadsmusikk

– På eit punkt byrja me å tenke på korleis me skulle lage eit album. Me ville gjerne lage noko som var fundert på ein stad. Denne staden kunne like så godt kunne vore Studentersamfundet, Trondheim eller ein skog. Me ville prøve å samle lydar frå denne staden og laga songar ut frå det. Så kom me på den russiske spøkelsesbyen på Svalbard. Det kunne vore spanande, tenkte me. Og slik blei det.

Casper er ein omgjengeleg fyr det er lett å prate med. Samtalen glir naturleg frå det eine til det andre - frå isbjørnar, som han meiner er merkelege dyr, til menneske som er enda rarare. Og mennesket sin trong til å skape.

Creation er kodeordet for det me lærde der oppe. Me har ein eller annan trong inni oss sjølve til å lage. La oss byggje eit hus! La oss lage musikk! Og me har ein trong til å utforske nye stader. Til dømes Svalbard, kan ein bu på Svalbard? Det er ein merkeleg stad å bu, men det skulle ein, fordi det var ein fin draum kanskje.

Om hundre år er allting gløymt

I august 2011 vende Casper, Mads Brauer og Rasmus Stolberg - som i dag utgjer det danske bandet - nasane nordover. Saman med regissør Andreas Koefoed, samt russisk isbjørnlivvakt Vadim, budde dei ni dagar i Pyramiden og samla over tusen opptak av lydar i naturen og forlatne bygg. Dei blei brukt i produksjonen av albumet. Det heile starta eit års tid før dei faktisk la ut på reisa.

– Me blei presentert for byen då me såg nokre bilete av staden. Det var ein stemning i desse bileta som var heilt overveldande.

Pyramiden blir i dag omtala som ein spøkelsesby. Det har ikkje alltid vore slik. Eit anna resultat av reisa, Koefoeds film «The Ghost of Piramida», handlar ei svunnen tid då det var eit yrande liv. Russiske gruvearbeidarar og familiane deira levde her sine liv, og tidlegare Pyramiden-innbyggjar Alexander skildrar sin favorittstad på jorda. Clausen har eit noko annleis inntrykk.

– Stemninga i den byen er for meg heilt tom. Det er verkeleg ingenting i den byen, ikkje ein gong spøkelse.

– Musikk er ei abstrakt taleform

Casper fortel at bodskapen ikkje står sentralt når dei lagar ny musikk.

– Den måten musikken blir laga på, der kvar den er fødd frå - det er totalt instinktivt.

Eit mykje brukt tema går likevel att.

– Når eg tenkjer på tekstane på «Piramida» no, to år etter, ber dei preg av refleksjon over parforhold, relasjonar til andre menneske. Kanskje kjærasteforhold som ein er på veg ut av. Og på ein eller annan måte synest eg det er ei fin poetisk linje i ein spøkelsesby, kvar det ein gong var liv og glade dagar. I mitt eige liv er det mennesker som eg stadig føler ting for, likevel «er ikkje byen levande lenger».

Casper presiserer at det er viktig å ikkje gjere disse tinga til meir enn dei er.

– For meg er musikk ei abstrakt taleform, og det er det som gjer musikk fantastisk spanande. Når ein lagar musikk, synest eg det er ei plikt å la det vere opent. Ein skal la vere «å fange fuglen». Alle andre menneske som skal lytte til musikken skal ha lov til å tolke den inni seg sjølv.

Vegen vidare

For om lag tre veker sidan annonserte Efterklang at dei skal spele ein siste konsert som bandet slik me kjenner dei i dag. Mange har tolka det som at bandet blir oppløyst.

– Det er viktig å seie at Mads, Rasmus og eg vil gjerne fortsetje å lage ting saman. Me har berre behov for å frigjere oss sjølve frå den bagasjen som er Efterklang. Når ein har vore eit band i ti-tolv år, har ein både utad frå publikum og innad ein masse ting ein ber rundt på, på godt og vondt.

Fleire prosjekt er alt på veg, skal me tru Casper.

– Kvar gong me skal lage eit nytt album har me prøvd å starte på nytt - gå inn i prosjektet på ein ny måte. Me har vore opptekne av korleis me kan frigjere oss litt. Det skal skje no.

– Eg veit ikkje akkurat kva som skal skje, men me skal gjere det saman. Me har allereie nokre prosjekt som me utforskar. Eg kan allereie no avsløre at dei blir svært annleis.

Powered by Labrador CMS