
Emilie Nicolas overraskar igjen
ANMELDELSE: Frå ingenstads kom Dum Dum Boys-coveren Pstereo og fann sin plass på p3 si a-liste. På fredag vart musikkjournalistar og musikkpublikumarar igjen tatt på senga av Emilie Nicolas då konserten på Basstionen viste at setlista ikkje berre inneholdt ei hitlåt, men mange!
Medan karrieretørste musikarar driv sjølvpromotering og bransjelokking for harde livet, har Emilie Nicolas, eller Emilie Nicolas Kongshavn som ho eigentleg heiter, køyrt ein annan taktikk. Informasjonen er knapp, musikken har unngått både Spotify, Wimp og iTunes, med unntak av Pstereo-låta, og kun eitt bilete er å finne. No var tiden kome for å finne ut meir om denne mystiske jenta.
Då konsertstart var passert og publikum var på plass, hadde bandet framleis lydprøve. Eit fyrsteinntrykk av festivalen som noko uprofesjonell og etter skjema, blir dessverre bekrefta. Men publikum er tålmodig og tar vel imot bandet 15 minutter forseinka.
Ein forskremt fugleunge
Tre gutar tek plass bak trommesettet, synthane og bassen. I hårete, svart jakke, med eit nervøst ansiktsuttrykk dukkar hovudpersonen opp. Musikken set i gang. Frå fyrste stund fengar den, og eg blir blåst i bakken av dei nydelege vokallinjene kombinert med eksperimentelle rytmer, akkordar og basslinjer. Nervøse ansiktsuttrykk til tross, vokalen sitt som eit skudd og det er ingen nervar å spore.
Trillene, meloditeften, dei suggererende rytmene – dette er bra! Bland eit snev av Ellie Goulding sin vokal med store mengder av James Blake, og Emilie Nicolas er det du får. Dette er låtmateriale det lukter svidd av!
Som låta Charge uttrykkjer: «I´m about to blow your head. I run the house now». Med erfaring håpar eg den attituden mange av tekstane innehar, også kjem til uttrykk hjå vokalisten på scena.
Derimot sjarmerer bandet publikum stort, og dei ser ut til å gledes av den gode responsen dei mottekk frå publikum mellom kvar låt. Når denne artisten blir meir scenevant og tilgjengeleg – for ei karriere det skal bli!
Potensiale
Coverversjonen av Dum Dum Boys sin Pstereo, låta denne festivalen har henta sitt namn frå, avsluttar konserten til publikums store begeistring. Den einaste låta som fram til no har funne plass på a-lista til p3, stikk seg ikkje merkbart ut frå dei andre låtane Emilie Nicolas har servert oss. Hitpotensiale er å finne blant samtlege av låtane vi har fått høyre denne konserten, noko som lovar svært bra.
Mange visste ikkje kva dei kom til før fredagens konsert. I etterkant er samtlege overbevist om at dette er eit talent langt frå alt anna vi har sett og høyrd frå Trondheim dei siste åra. Uendeleg mange musikarar har prøvd seg på nettopp denne kombinasjonen med synthar, improvisasjon og kontrasterande melodilinjer, men få klarar skilje seg ut frå mengda. Emilie Nicolas med band har det lille ekstra som skal til, og eg gler meg til å fylgje dei framover!