
Et psykedelisk lysshow
Torsdag snudde Calvin Harris Dødens dal på hovudet. Han starta hardt, men klarte likevel å drage stemninga endå litt lenger opp.
Calvin Harris har stått for mange av partyhitsa på radioen dei siste år. Før konsertstart satt fordommane fast i meg. Eg var svært tvilande til ein DJ-konsert og hadde lave forhåpninga. Men fekk kraftig motbevist skepsisen min.
Den norske duoen CMLD stod for ein nokså søvnig oppvarming. Melodiane blei meir som ein bakgrunnsmusikk, medan folk strømma inn i teltet i Dødens Dal. Etter ein time med sang av Stockholm Syndrome frå publikum, gjekk det ikkje lang tid før sjølve hovudartisten kom på scena.
Calvin Harris starta med eit brak av konfetti og eit lysshow utan like. Superhiten Sweet Nothing var festens første sang og med det viste Calvin Harris at han ikkje hadde tenkt å spare på kruttet. Publikum var fenga frå første stund. Både fistpumping, allsang og ei voldsom dansing var å sjå blant folk.
Mellom to store skjerma kunne vi skimte skikkelsen hans, som fortsatte med ei god blanding av hits og mindre kjente songar. Eg tenker at når ein starta så ambisiøst, vil det kome eit fall av interesse. Men DJen har publikum i sin hule hånd, og held dei der resten av kvelden. Det gjeld også lysshowet. Det er spektakulært frå starten av. Når eg trur eg har sett alle moglege samansetting av lys, kjem ein ny overraskande vri. På eit tidspunkt er lysshowet så hefitg at eg kjenner migrenen kile meg under panna, samtidig som eg tenker på det nok så berusa publikumet. Eg blei særdeles imponert over at dei klarte å holde seg oppreist i eit konsertlokale drukna i psykedelisk lys.
Calvin Harris starta hardt, men klarte likevel å drage stemninga endå litt lenger opp. Den gode jobben han gjer med miksinga av songane, betyr mykje for den positive konsertopplevelsen. Publikum tek heilt av på Drinking from the bottle, men under We found love blei det eit lite stemningskifte. Det er nesten som det blir mindre knuffing, men den ville hoppinga og dansinga var raskt tilbake etter siste tone i megahiten.
Mot slutten er det både glitrande konfetti og ei lita pyroeffekt. Publikum ser ikkje ut til å bli lei, og lydnivået frå folkemassen stig for kvar song. Det er tydeleg at dei elsker Calvin Harris. Det går mot avslutningen og eg er lettare overraska. Eg må innrømme for meg sjølv at eg faktisk liker Calvin Harris. Eg som iherdig har fortalt at klubbmusikk ikkje er noko for meg. Sjølv om eg trur det berre blir med denne eine DJen, forstår eg iallefall godt kvifor Calvin Harris er en av dei største DJane i verden for tida
Vår andre anmelder er ikke helt enig. Les anmeldelsen her.