Gamle kunstar blir sjeldan gløymt

Det er alltid stort å sjå gamle favorittar, spesielt når dei leverer som Grand Island gjorde på Familien torsdag.

Publisert Sist oppdatert

Sist gong eg såg Grand Island var på RaumaRock i 2007. Eg var berre ein liten spjæling langt der framme, og bandet spelte fullstendig fletta av meg og resten av publikum. Dei hadde nett sluppe sitt fyrste album til ståande applaus, og dei neste tre åra skulle dei gjeve ut to til, alle tre til kjempe anmeldingar og fleire spelemannsnominasjonar. Konserten den gong var enorm og eg var ikkje ein av få som fekk sjå dei desse åra. Eit hyperaktivt band som spelte intense oppvisningar i musikkunst overalt i heile Noreg og rundt om i Europa. Dessverre ble dette også deira bane. Bandet spelte seg tomme, dei avlyste og takka nei til ein haug med konsertar.

Dei neste tre åra heldt dei lav profil, og dei fleste trudde nok ikkje at vi kom til å så dei att. Det viste seg skammeleg feil, for med tid kjem energi, og med energi kjem musikk og lysta til å spele att. Della and Steve er resultatet av dette. Albumet blei slept i vår til blanda kritikkar. Eit godt album, men som mistar litt av den karakteristiske intensiteten utover og som aldri heilt kjem på høgde med dei to fyrste fantastiske albuma. Likevel så er det like mykje på scena som på album at dei er kjende for å levere, så forventningane vart høge når eg såg at dei skulle til Trondheim for fyrste gong på fleire år.

Familien var bortimot heilt fylt opp. Gjengen som hadde møtt opp, sto glade og forventningsfulle og venta. Spente på om bandet ville levere som før. Dei fleste hadde nok, som meg, sett dei før. Og om det var noko tvil, så blei denne borte i takt med at den fyrste låt kom i gang. Grand Island sparkar i gang med Please Consider frå Boys & Brutes, og frå der er det ingen veig attende. Reporoaret inneheld sjølvsagte hits som Love in Decay og Angelila , i tillegg til nye låtar som Oh, You Know Me Well og While the Night is Young . Dei spelte også ein cover av White Wedding til latter og allsang. Alle låtane levert med presisjon frå eit band som verka oppriktig glade for å vere attende. Noko vokalist Espen Gustavsen slår fast opptil fleire gonger mellom låtene. Han småvitsar og flørtar og har publikum akkurat der han vil ha dei.

Det var ikkje berre bandet i går som var fantastisk, publikum var i òg kjempe humør. Dansing, sang og latter runga mellom vegga og med bandets entusiasme gjorde dette til ein vannvittig konsert. Musikalsk sett er det ein fryd å sjå bandet. Pål Gustavsen leik seg med Banjo, mandolin og gitar, og med Jon Iver Helgaker på hammondorgel skapar dei eit lydbilde som står til den elleville dansinga i publikum. Bassist Erik Iversen og trommis Håvard Sveberg held rytma på plass og saman med Gustavsen spesielle stemme er det berre å lukke auga og lytte til ein gjeng som gjer det dei er skapt for å gjere. Spele feit musikk.

Alt i alt var dette ein konsert verdig dei gamle kjempane. Grand Island leverer musikalsk og artistisk, og publikum elskar dei for det. Etter tre ekstranummer og med applaus som gjorde sarte hender såre, vart konserten avslutta. Og for meg gjenstår det berre å si: velkome attende. Til musikken og til Trondheim. De har vore savna.

Powered by Labrador CMS